Mai nærmar seg med stormskritt, og i tradisjon tru, sel Todalen sanitetsforening maiblomster. Fredag 22. april vil dei difor ha stand på Matkroken Todalen frå klokka 10:30. Det vil også bli sal på Strikkekaffen laurdag 23. april. Maiblomstrane kan kjøpast via vipps 101456.
Les heile saka
Torsdag 31. mars avvikla Nordvik Båtforening årsmøtet sitt i Nordvik Grendahus. På sakskartet stod vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap og val. Etter at årsmøtesakene var ferdig. vart dei oppdaterte planene til Nordvik Båtforening for ny småbåthamn på Nordvik presentert. Nordvik Båtforening er godt i gang med planlegging og prosjektering av ny småbåthamn på Nordvik, og snart tek salet av båtplassar til.
Les heile saka
Songmessa for heile påskehøgtida som Bernt Bøe hadde arrangert, var ei sterk oppleving, frå palmesøndags «Hosianna! Himmel og jord kvede» (1765 – Hemsley) og den mektige «Gører portane høga» av Gunnar Wennerberg) til påskedags «Deg være ære, Herre over dødens makt» og fellessong «Å salige stund uten like». Koret Prosjekt 17 er godt samsunge med gode stemmer, også vakre mannsstemmer, og med forsterking av solist Turid Røen Kroknes, som song fleire soloparti.
Les heile saka
Måndag spela Søya treningskamp mot Valsøyfjord på Bordholmen stadion. Både Søya og Valsøyfjord speler i 6. divisjon avdeling 1 – Nordmøre og Romsdal denne sesongen, så det blir også to seriekampar mellom laga i løpet av sesongen. Båe laga serieopnar med bortekampar mot Øksendal og Sunndal 2. Det er nokre år sidan siste seniorkamp på Bordholmen stadion, så dette vart ei fin avslutning på påska, i alle fall for alle som likar og er interessert i fotball.
Les heile saka
Todalen sokneråd har ein lang tradisjon med friluftsgudsteneste på 2. påskedag – ein like lang tradisjon er det at det er finvêr på 2. påskedag. – Vi har alltid hatt finvêr så lenge vi ha halde på med dette, seier mangeårig organist og no vikar i denne tenesta, Bernt Bøe. Likevel har vi noko som er nytt av året, da friluftsgudstenesta i år er flytta frå Haugligardane til gapahuken på Tjønnmyra
Les heile saka
Nok ei påske er på hell, og nok ein påskekrim er kome til løysinga. Er du klar for å finne ut kva mysteriet på Haukåbrua var? «Haukåbrua – den raude fare?» Nei … Overredaktør Ørsal stirra ut i lufta. Kva med: «If you going til Ørsalbokta?» Nei. Ein kunne seie mykje godt om Ørsalbokta men […]
Les heile saka
Måndag 18. mars (2. påskedag) klokka 12:00 inviterer Todalen Sokneråd til friluftsgudsteneste i og ved gapahuken på Tjønnmyra. Soknerådet oppfordrar alle til å ta med seg sitteunderlag, slik at det blir betre å sitte. Liturg er Cathrine Grutle og Bernt Bøe er organist.
Les heile saka
Fredag 22. april, mellom kl. 12:00 – 17:00, er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst, knekkebrød og kaffebrød til helga.
Les heile saka
Surnadal kommune, ved kulturavdelinga, informerer om at det no snart er tid for å søke om leige av idrettsrom, kulturmidlar og Kleivafondet. Søknadsfrist er den 30. april for både leige av idrettsrom og dei ulike kulturmiddelordningane.
Les heile saka
Styret og driftsstyret anlegg i Todalen Idrettslag inviterer til dugnad i Toåa tursti onsdag 20. april klokka 17:30. Det er behov for å gruse opp deler av turstitraseen, som har fått litt medfart i løpet av vinteren, og det må sagast ned nokre tre langs traseen. Så ta med høveleg utstyr til slikt arbeid og bli med på dugnad!
Les heile saka
Måndag 18. april (2. påskedag) klokka 15:00, blir det fotballkamp på Bordholmen stadion. Da spelar Søya sitt seniorlag treningskamp mot Valsøyfjord. Det blir open kiosk med sal av kaffe, brus, bakels med graut og sjokolade.
Les heile saka
Vi er ved del 5, og forfattaren meiner at etter denne delen skal du kunne kvalifisere til å «stjøtt på» kven eller kva som står bak det merkelege som skjer denne påska. Bordholmen. Denne flate flekken ved Toåa sitt utlaup. Ei grøn lunge mellom industribygg og tidlegare Samvirkelag. Åstaden for Todalshelg, Todalsdag, merketaking på […]
Les heile saka