Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kallar inn til medlemsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. september 2022

Onsdag 5. oktober klokka 19:00 kallar styret i Todalen Idrettslag inn sine medlemmer til medlemsmøte i Todalen ungdomshus. Her ønsker idrettslaget å få medlemmene sine meiningar om kva idrettslaget skal drive med i framtida, og ikkje minst kva medlemmene sjølv kan bidra med for å vere med på den aktive drifta av idrettslaget. 

Idrettslaget inviterer ALLE medlemmene til møtet, for på den måten å få eit så breitt grunnlag som mogleg, for den framtidige aktiviteten i idrettslaget og drifta av denne. 

Saker som vil bli diskutert er:

  • Kva for aktivitetar skal idrettslaget prioritere å drive med i framtida, og kven kan og har lyst bidra til dette?
  • Nærmiljøanlegg på Bordholmen, er det behov for dette?
  • Skal idrettslaget arrangere både julebord og revyfest i romjula, eller berre eitt av desse? 

Har du meiningar om dette eller andre ting knytta til aktiviteten og drifta av idrettslaget, er det viktig for idrettslaget at du kjem på medlemsmøtet og seier kva du meiner!

Det blir enkel servering!

Møt opp og bli med Todalen Idrettslag inn i framtida!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 15. september 2022, 09:53