Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongens siste kamp på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. september 2022

I kveld vart sesongens siste fotballkamp spela på Bordholmen stadion. Og ein kan trykt seie det vart ei fuktig og kald oppleving, for både spelarar og publikum, da Søya/Todalen J/G 8 spela seriekamp mot Surnadal G8 kvit. 

Søya/Todalen i angrep. Foto: B G Ansnes

Kampen starta med eit press frå heimelaget, som spela seg fram til mange gode sjansar etter godt spel. Utover i omgangen kom bortelaget meir med, så da dommaren bles til pause, så var bortelaget i leiinga. 

Surnadal i angrep. Foto: B G Ansnes

Andre omgang vart ein jamspelt omgang med mykje godt spel og stor innsats frå båe lag. Også i målprotokollen vart andre omgang jamspelt, så da dommaren bles av for full tid, så var det bortelaget som kunne juble mest. 

 

Publisert: 14. september 2022, 18:44