Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgangarane til Sjøasetervatnet

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. september 2022

I går gjekk Stavgangruppa i Surnadal Pensjonistlag sin stavgangtur til Sjøasetervatnet. Etter mange veker med fint turvêr og sol, var vêrmeldingane for dagens tur ikkje dei aller beste. Men da stavgangarane kom opp til vatnet, kom sola fram. 

Fin tur til Sjøasetervatnet. Foto: Svein Tjelle

«Vi  inntok maten vår, på verandaen til Hallset sin hytte», kan Svein Tjelle i Stavganggruppa fortelje. 

Fint om hausten også. Foto: Svein Tjelle

«Det vart ein trivelig tur. Stigen til vatnet var belagt med stein slik at vi kunne gått med finskor på turen i dag», fortel han vidare. 

Vertskapet. Foto: Svein Tjelle

«Ein stor takk til ekteparet Hallset som tok i mot oss», avsluttar han. 

Først publisert: 16. september 2022, 08:00 - Sist oppdatert: 15. september 2022, 21:54