Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Norway  Cup  –  seier  i  åpningskampen

Norway Cup – seier i åpningskampen

Knut Haugen Sundag 1. august 2010

Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen fikk den åpningen de håpet i Norway Cup, med seier 2-0 i første kamp mot Geilo søndag 1. august. Det var en spent gjeng som gikk på banen i årets første Norway Cup-kamp, men guttene tok raskt tak i kampen og fikk spillet til å gli brukbart. Fjorårets tap i åpningskampen skulle ikke gjenstas, det var vi fast bestemt på.

Les heile saka

Med  regnværet  kom  fiskarane  att

Med regnværet kom fiskarane att

Jon Olav Ørsal Sundag 1. august 2010

Det har vore lite vassføring og få fiskarar i Toåa den siste veka. Snøsmeltinga er over, og den sparsome nedbøren den siste tida må nok ta skylda for dette. Regnværet i natt og formiddagstimane med påfølgande torevær utover dagen hjelper nok på. Ein kjapp runde rund bygda bekrefta at fiskarane igjen er på plass.

Les heile saka

Vann første kamp

Jon Olav Ørsal Sundag 1. august 2010

Todalen.no har fått det første livsteiknet frå Ekebergsletta og Norway Cup. Knut Haugen melder om ein bra opningskamp, og at det vart siger i kampen mellom Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen – Geilo.  Sluttresultatet for kampen vart 2-0, der Bjørnar Melkild sørga for begge scoringane. Vi får fleire detaljar og bilde seinare i dag.

Neste kamp er mot det østerrikske regionlaget Inneres Ennstal Gaflenz måndag 2. august kl 16:30.


Pubkveld  på  Pakkhuset

Pubkveld på Pakkhuset

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. juli 2010

I kveld er det ny pubkveld på Pakkhuset Kro. Det var fullt hus på Pakkhsuet tordag kveld da Stangvikfestivalen tjuvstarta med konsert der, og reknar med at det blir mykje folk i kveld også. Da vi passerte idag var det «full sjau» med å bære innatt stolar og safaer for å lage meir plass. I kveld er det Ingrid Pedersen og Håvard Halset som er vertskap.


De  små  blå.

De små blå.

Elinor Bolme Laurdag 31. juli 2010

Da er vi inne i årets bærsesong, og etter kva todalen.no har fått erfare ligg det an til at ein ikkje treng å bli uenig om blåbæra i allefall. Øyalia er som kjendt eit av dei finaste områda for blåbærplukking her Todalen, og er det like bra der som det er på andre sida av bygda kan vi sjå fram til mykje antioksidantar å ta fram utover vinteren, for den som måtte ønske det.

Les heile saka

Tjuvstarta  Stangvikfestivalen  med  forspel

Tjuvstarta Stangvikfestivalen med forspel

Jon Olav Ørsal Fredag 30. juli 2010

Stangvikfestivalen tjuvstarta på Pakkhuset Kro i Todalen torsdag kveld, og vil halde det gåande til søndag med eit omfattande og variert program i Stangvika. Pakkhuset Kro var fullsett til siste plass med rundt hundre tilhørarar når Torbjørn Larsen ønska velkomen til forspel for Stangvikfestivalen 2010. Han kunne by på fleire godbitar denne kvelden, og broren hans Anders Larsen var først ute i kveldens program med å spela «Polka med støyt» etter todalingen Hallvard Ørsal.

Les heile saka

Optimister  før  Norway  Cup

Optimister før Norway Cup

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. juli 2010

Fra Knut Haugen har vi fått en situasjonsrapport fra generalprøven før Norway Cup:
Det ble tap 1-2 mot Sunndal i generalprøven før vi reiser til Norway Cup. Kampen ble spilt i 3 omganger a 25 minutter på Ålvundfjord stadion. Med 3 omganger fikk vi en ekstra pause for å prate med spillerne, gjøre bytter og formasjonsendringer.

Les heile saka

Stangvikfestivalen  –  forspel  på  Pakkhuset  Kro

Stangvikfestivalen – forspel på Pakkhuset Kro

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. juli 2010

Som tidlegare meldt på Todalen.no startar programmet i Todalen på Pakkhuset Kro med forspel. Det skjer torsdag 29. juli og forestillinga startar kl 20.00.   Her kan du laste ned heile programmet som PDF-dokument.


Mykje  folk  på  oppskyting

Mykje folk på oppskyting

Ole Petter Talgø Tysdag 27. juli 2010

Måndagskveldar blir det arrangert oppskyting av Søya og Todalen Skyttarlag, og vi har fått bilete frå oppskytinga i går. Den foregikk på skytebanen til skyttarlaget i Ranheimsvingen på Kvanne, og det var så mykje folk som møtte at alle skytebanene var fulle heile tida.

Les heile saka

Valsøybotn:  Fosskonserten  i  kveld

Valsøybotn: Fosskonserten i kveld

Jon Olav Ørsal Måndag 26. juli 2010

Årets store høgdepunkt i Valsøybotn foregår i kveld. Fosskonserten samlar mykje folk i den spektakulære konsertarenaen der scena ligg tett inntil Fossen innerst i Valsøybotn. I år er det Hellbillies og CC Cowboys som er attraksjonane, og det er venta 2-3.000 publikummarar til arrangementet. Det er salg av billettar og parkering frå kl 15.00 og musikk frå «Den Lille Scenen» frå kl. 16.30 til kl. 19.00, før hovudkonserten tek til kl 19.30. Billett får du kjøpt ved inngangen og kostar kr 380. For born 7-14  er prisen kr 100.  Det er Halsa Historielag som er arrangør. Les meir på heimesida http://www.fosskonserten.no/.


…da  e  det  fint  i  fjellå

…da e det fint i fjellå

Jon Olav Ørsal Måndag 26. juli 2010

Endeleg vart det nokre dagar med finvêr og sol. Da måtte det bli tur til Lauvåfjellet for å nyte sommaren og freden i fjellet. Turen opp lia er dryg i Todalen, og kvennsetlia er ikkje noko unnatak. Man sjølv om det er dryg når det «står på», så får ein skikkeleg belønning når ein kjem opp. Det finns neppe nokon betre følelse enn å få av seg ryggsekken og ta ein lang pause med panoramautsikt som ekstra bonus.

Les heile saka

Stamfisket  er  i  gang

Stamfisket er i gang

Jon Olav Ørsal Måndag 26. juli 2010

Fisket etter stamlaks er igang. Vi har fått bilete nokre bilete frå aksjonen som gikk føre seg ved Ramsøya for eit par dagar sidan, og resultat vart det. Stamlaksen vart frakta til Stamlakshuset i Brusetmarka, der har skal strykast seinare i haust. Det blir fleire omgangar med stamfiske gjennom heile sesongen til antal og fordeling på kjønn er tilfredstillande for å føre genene til todalslaksen vidare inn i framtida.

Les heile saka

Side 689 av 736« Første...687688689690691...Siste »