Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hysterisk i kulturhuset

Elinor Bolme Laurdag 31. desember 2016

Teatret Vårt opnar det nye året med hysteriske forviklingar i Surnadal torsdag 5. januar. I «Brevduene» møter vi Robert som driv ei mindre bedrift. Men det har han eigentleg ikkje så lyst til. Han vil heller drive med brevduene sine og overlate «sjappa» til kollega Holger. Ingen god ide, meiner verken kona Gerlinde, eller Holger – som prøver å seie opp sjøl – utan at nokon får akkurat det med seg. Og han skal vere glad for at i alle fall ho han er gift med, Natalie, ikkje fekk høre det – for ho er mildt sagt rasande over kor stusseleg kort han har kome i livet. 

Alle foto «Brevduene»: Arild Moen

Karakterane i «Brevduene» slit alle på kvar sin måte med å kjenne seg lukkeleg. Og verre skal det bli … «Brevduene» fikk terningkast fem i Romsdal Budstikke som konkluderte med at dette var «teatersprint i kjappe, vittige og til dels absurde dialoger». Altså verd eit besøk når dei no kjem til Surnadal.

Surnadal kulturhus gir oss 4 billettar på forestillinga til våre lesarar som vi deler ut til dei som svarar riktig på eit (muligens) enkelt spørsmål: Brevduer kan fly 1000 km, eller lengre, med meldingane sine. Vil ei brevdue som flyg så langt normalt ha ei gjennomsnittleg «marsjfart» på over eller under 50 km/t?

Du har to muligheiter for å vinne:

  1. Send oss ein SMS med navn og ditt svar til Elinor på 90 19 62 68 innan måndag kl 20, eller mail oss på red@todalen.no og du er med i trekninga av ein av billettane. 
  2. Gå inn på Facebooksida vår Todalen.no og kommenter med riktig svar og tag ein venn du vil ha med deg.
Publisert: 31. desember 2016, 10:40