Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Nyttårsrabatt» på teater om du vil på nyttårskonsert

Elinor Bolme Måndag 2. januar 2017

Surnadal kulturhus startar brått, med teater på torsdag og nyttårskonsert på fredag. For å bidra litt til dei som kunne tenkt seg «både–og», gir Teatret Vårt tilbod om ein ekstra rabatt til dei som går for «vekas kulturelle dobbel»: Viser du fram billett til fredagens nyttårskonsert, vil du få kjøpt teaterbilletten til kr 200.

Det er så langt, pr. måndag 2. januar, selt 72 billettar til «Brevduene» fortel Steinar Hasselø ved Surnadal kulturhus.

Svaret på konkurransen der det var anledning til å vinne gratisbillettar her på todalen.no tidlegare var at ei brevdue for over, 60-80 km/t. Brevduer skal vere målt til å ha ei toppfart på opp mot 120 km/t, iflg. wikipedia.no. 

Våre to heldige vinnarar vart Ragnhild Ansnes Moe og Sjur Fedje som får kvar sine 2 billettar.

Publisert: 2. januar 2017, 22:54