Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

52-17 Søndagsturen: Sausanking i Kvenndalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. september 2015

Har du lyst til å delta på sauesanking saman med kvenndalen sauesankarlag, så har du ein ypperleg sjangse komande søndag. Her kan du delta etter som du har lyst til, og det blir nok eit yrande liv i Kvenndalen utover dagen. Bla vidare og les meir om opplegget for sauesankardagen…

Les heile saka


STKU- CFK 11 – 1

Knut Bergli - TIL Fredag 11. september 2015

Samarbeidslaget STKU fortsetter seiersmarsjen. Det var folksomt på bordholmen i kveld da Clausenenga var på besøk for å spille mot fremadstormende 14-åringer på samarbeidslaget STKU (Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen). STKU ledet 6-0 etter første omgang, så reduserte CFK en gang tidlig i andre.

Les heile saka

BURG M&R takkar Ræta opp

Elinor Bolme Torsdag 10. september 2015

Vi har også i år fått tilsendt takkehelsing fra ein av organisasjonene som fekk tildelt deler av startkontigenten frå mosjonsløpet Ræta opp på Todalsdagen. Åshild Haugland Haram, sekretær i BURG Møre og Romsdal skriv:

Les heile saka

Todalen på tur til Skei

Elinor Bolme Torsdag 10. september 2015

I nabokomunen Rindal diskuteres det heftig fylkestilhørighet, medan Sunadal jobbar med kommunesamanslåing og dei mange alternativa som no ligg klar. Nettstaden kart.gulesider.no derimot, har no gjort eit forsøk på å flytte Todalsøra inn mot Surnadal sentrum. Ved søk på Todalsøra er pila fint plassert på Eidet, men kan naturleg nok berolige både surnadalingar og todalingar om ein zoomar langt nok ut så ligg plassen også rett.

Les heile saka

Siste innspurt frå Senterpartiet…

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. september 2015

Det er på det næraste klart for finale i valkampen, og den siste tida har vore prega av valgkamp i media både på pair og på nett, i tillegg til at du har treft på listekandidatar som har stått på stand og marknadsført sitt parti. Vi trur mange har fått nyttig informasjon og ikkje minst har dei vorte kjent med mange nye ansikt i politikken – sjølv om det også har vore mange «gamle» kjente. I dag helsar ordførarkandidat til førstegongsveljarane og oppfordrar til å delta i valet.

Les heile saka

Eit lite stykke…ny asfalt

Elinor Bolme Onsdag 9. september 2015

Mange kom nok borti asfaltarbeidet som pågjekk frå krysset på Haugen og inn til Todalen i dag. Ikkje så mykje asfalt vart tildelt på denne strekninga, men betre enn det var forbi brua på «Hauahyllå» vart det nok. «Knekken» på brua har dei siste åra vorte meir og meir framtredande. Derfor vart vegen fresa ned rundt og over brua for at dette no skulle bli best muleg.

Les heile saka

Valgkampen tilspissar seg

Elinor Bolme Onsdag 9. september 2015

Som dei fleste sikker har fått med seg har fleire av dei lokale politiske partia teikna medlemsskap her hos todalen.no. Dei har som fleire funne ut at dette mediet når ut til mange i nærmiljøet, også utover det Todalen famnar. I anledning valget på måndag er det derfor fleire som sender oss lesarinnlegg på lik linje med Trollheimsporten, Driva og Tk, som vi naturleg vis også da publiserer.

Les heile saka

Med hjerte for andre

Elinor Bolme Onsdag 9. september 2015

I går var det ordføraren i Surnadal som engasjerte seg i flyktningekatastrofa i Hellas. I dag treffer vi to driftige damer i full sving i AMFI Surnadal for samme sak. Katrine Sæter og Ida Bochon har saman med Rita Botterli og Synnøve Pilskog oppretta gruppa «Dråpen i havet- Surnadal og omegn», basert på den ofisielle Facebookgruppa «Dråpen i havet» som bidrar til å bedre levevilkåra til dei mange tusen flyktningane i Sør-Europa som no er på flukt.

Bakgrunnen for engasjementet er at dei ønska å kunne bidra til dei som verkeleg har behov i ein vanskeleg situasjon fortel Katrine Sæter

Les heile saka

Kom og ta idrettsmerke i kveld

Elinor Bolme Onsdag 9. september 2015

Åshild Halle i Friidrettsgruppa i Todalen IL melder om at det i kveld blir anledning til å ta idrettsmerke på Bordholmen. Møt opp klokka 18.30. Alle er velkomne, både gamal og ung til ulike friidrettsøvelsar som lengde, liten ball, 60 meter og 3000 for den som ikkje har teke skimerke i vinter.


Fleire bilder frå Trollheimsmarsjen

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. september 2015

Inge Nordvik gikk Trollheimsmarsjen over fjellet frå Todalen til Ålvundeid søndag, saman med 38 andre. Todalen.no har fått ein bildeserie frå Inge, som var Drivas mann på turen denne gongen. Her har vi lagt ut bildeserien, som startar på Bordholmen og viser bildeglimt fram til Vardan, der nedfarten til ålvundeidet startar. Bildeglimt frå turen frå Todalen […]

Les heile saka

Val på fleire frontar…

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. september 2015

Måndag 14. september skal vi gjera fleire val. Det er nok kommunevalet og fylkestingvalet som har fått størst fokus, men vi har også kyrkjeval og i Todalen skal vi velge nytt PT-utval. Alle vala kjem til å gå føre seg i skuleområdet ved Todalen skule. Kommune- og fylkestingvalet blir i biblioteket på skulen, medan kyrkjevalet vil gå føre seg i gammelskulen og val av PT-utval blir i Vømmølbua til Lars Kvendset som vil bli plasser utafor skuleporten. Alle sammen er viktige val, men mest lokalt blir nok valet av nytt PT-utval (eller grendeutval om du heller vil).

Les heile saka