Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

BURG M&R takkar Ræta opp

Elinor Bolme Torsdag 10. september 2015

Vi har også i år fått tilsendt takkehelsing fra ein av organisasjonene som fekk tildelt deler av startkontigenten frå mosjonsløpet Ræta opp på Todalsdagen. Åshild Haugland Haram, sekretær i BURG Møre og Romsdal skriv:

BURG Møre og Romsdal er barne- og ungdomsrevmatikergruppa til Norsk Revmatikerforbund i fylket.

Vi var så heldige å bli invitert til arrangementet Ræta Opp og klart vi ville delta. Dessverre var det stemnekollisjon for mange denne helga, men Mia, Kristin og Øistein Tørlen tok turen til Nordmøre.

IMAG0728 Ræta opp 27.06.15 Todalen

Det vart svært fint ver og det var mykje folk i området.  Det finst ikkje så mange barne- og ungdomsrevmatikarar i kvar kommune, så det er viktig å formidle kunnskap om at vi har ei gruppe på fylkesplan.

Vi arrangerer to samlingar i året, ei i januar/februar og ei i september/oktober. I tillegg har vi aktivitetsdagar og trening og leik i varmtvassbasseng og prøver å delta på ”dagar” og messer. 

Det er viktig å treffe andre i same situasjon og det er godt å dele erfaringar og få ny informasjon. 

I høve Friluftslivets År skal vi helga 18.-20. september til Bjørnsund for årets haustsamling.  Vi gler oss til å nytte oss av båt og fiskereiskap, sjå oss rundt på området og ha det veldig kjekt i lag.

BURG M&R arbeider også med prosjekt for å få til større samlingar. Neste haust planlegg vi tur til Trondheim der vi kan møte BURG-arar frå trønderfylka og få mykje god informasjon på St. Olavs hospital.

Dette kostar ein del i reise- og buutgifter, så pengane frå Ræta Opp kjem veldig godt med.

Stor takk for tildelinga av kr. 6.125,- til BURG Møre og Romsdal!

 

Helsing på vegne av

BURG Møre og Romsdal

Aashild Haugland Haram, sekr.

Først publisert: 10. september 2015, 15:22 - Sist oppdatert: 9. september 2015, 22:29