Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eit lite stykke…ny asfalt

Elinor Bolme Onsdag 9. september 2015

Mange kom nok borti asfaltarbeidet som pågjekk frå krysset på Haugen og inn til Todalen i dag. Ikkje så mykje asfalt vart tildelt på denne strekninga, men betre enn det var forbi brua på «Hauahyllå» vart det nok. «Knekken» på brua har dei siste åra vorte meir og meir framtredande. Derfor vart vegen fresa ned rundt og over brua for at dette no skulle bli best muleg.

image

Asfaltkarane frå Veidekke held på med dei siste metrane etter svingen i retning Åsbøen. Trongt for bilistane, og ikkje minst for arbeidsfolket.

Asfaltering var de også på Kvennset i dag, der det nok ein gong har vore oppjusterng av ei stikkrenne i Sissigrenda, men her vart ikkje mange metrane fornya.

image

Ny asfalt etter utbetring i Sissigrenda

 

image

Ingenting gjekk til spille av restane. Klattvis utbetring, nok ein gong…

 

Publisert: 9. september 2015, 22:43