Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vinn ein iPad air

Jon Olav Ørsal Fredag 23. oktober 2015

Trim-, ski- og friidrettsgruppa i Todalen Idrettsalg arrangerer basar i Todalen ungdomshus søndag 1. november kl 15.00. I tillegg til trasdisjonelt nummersalg er det utdeling av krus for trimaktivitetane og premiering for både «Barn i løypa» og lagseriestemna ( ca kl 16.00) Trekning ca kl 17.00.

Les heile saka

Årets førsteklassingar i Todalen på Porten

Elinor Bolme Fredag 23. oktober 2015

Også i år har Trollheimsporten tatt turen rundt på skulane i kommunen for å besøke 1. klassingane. Sist ut var todalsgjengen som hadde bydd på seg sjølv til journalisten i dag. Både under leik og på faglege områder. Les heile saka på Trollheimsporten: Småtrollene i Todalen

Les heile saka

Kløverstukveld – korn

Elinor Bolme Fredag 23. oktober 2015

Måndag den 26. oktober kl 20.00 arrangeres det kløverstukveld med tema korn på Kløverstua. Arrangør denne kvelden er Surnadal bondelag saman med Norgesfor Røv Mølle AS Program: – Oppsummering av kornmottak 2015. Såkorn for sesongen 2016, Røv Mølle – «Avlingskampen 2015»: Lars Magne Mauset frå Stange kjem og fortel om sine erfaringar frå deltaking i «Avlingskampen», […]

Les heile saka

Slutt på sumartida natt til søndag

Jon Olav Ørsal Fredag 23. oktober 2015

Natt til søndag 25. oktober er det definitivt slutt på sumartida. Når klokka når 03 skal den flyttast attover til kl 02, og dermed merkar vi nok at det blir ein time tidlegare mørkt om kveldane og samtidig litt lysare om morgonen.

Les heile saka

52/17 – søndagsturen til Bettennesset i Betna

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. oktober 2015

Kommende søndag går 52/17 Søndagsturen til Betna og Bettennesset. Det er ein lett og fin tur som alle kan bli med på. Du kjører til Betna og parkerer på langrennsstadion, og tar føttene fatt derfra. Ordfører Ola Rognskog blir med og loser oss gjennom løypa til Bettennesset. På programmet står elles bålkos og kåring av Bettennesset som […]

Les heile saka

Velkommen til Damenes aften på Byggmakker

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. oktober 2015

Byggmakker Surnadal inviterer til «Damenes aften» i butikken mandag 26. oktober kl 19.00. Det blir en kveld fylt av inspirasjon, nyheter og spennenede «gjør-det-selv» tips! På programmet står nye trender fra Jotun, Nordlux, Luxaflex solskjerming og ikkje minst gode smaker fra Colonialhaven. Gratis inngang – bla.videre

Les heile saka

Saufolket har tru på framtida…

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. oktober 2015

Ein kan no sjå den positive effekten av hi-uttak og felling av skadedyr under lisensjakt av jerv dei siste åra. Endeleg er det optimisme å spore i sauehaldet, slik at det går an å satse på sau igjen, seier saueeigarane. Det er nemleg fleire som satsar på sau no igjen – det er bygd fleire sauefjøs dei siste åra, og fleire kjem etter kvart, og det er artig. – Berre for 3-4 år sia var satsing på sau heilt uaktuelt, men no er det fleire som startar på att igjen, seier Oddvar Mikkelsen. Det er dramatisk nedgang i tap av sau på beite i Trollheimen – frå 19,5% i 2011 til 6,8% i 2014. Den positive trenden ser ut til å halde fram i år, men tala er ikkje klare før rundt 1. november.

Les heile saka

Tida leger alle sår

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. oktober 2015

Ja den gjer nok det, men enkelte plassar tek det lang tid. Slik som foreksempel på Ørsalmyrane og over Veltet, der kan ein enno sjå spora etter beltebilane som frakta opp materialar og utstyr til byggjinga av kraftlina som går mellom Auraverket på Sunndalsøra til Ranes. Denne kraftlinja vart bygd i perioden 1951 til 1953, og transport av sement og stålmaterialar gikk med taubane frå Todalen og opp på brona, og vidare innover fellet med beltebilar.

Les heile saka

Full rulle i gymsalen igjen

Elinor Bolme Onsdag 21. oktober 2015

No er det definitivt klart for oppstart av barneleik og gubbetrim igjen melder Knut Bergli. Han fortel at dei yngste har fått tid i gymsalen på skulen måndagar framover. Dette er for dei opp tl 4. klasse. Dei som er hakket eldre har fått tid på søndags kveldane. Altså dei frå 5. klasse og oppover. Her blir det ulike aktivitetar etter kva ungane sjølv ønsker.

Les heile saka

Storveis oppmøte for Nepal

Elinor Bolme Onsdag 21. oktober 2015

Todalen Oppvekstsenter inviterte i ettermiddag til avslutningsfest på temaet Nepal. Elevane har den siste tida lært om korleis dei kan hjelpe andre born., og viste stolt fram dette i dag både frå scena og i form av plakatar og heimelaga salgsutstilling i gymsalen. I tillegg hadde dei lynlotteri og ordinær basar med mange fine gevinstar, både laga […]

Les heile saka

Stikk Ut! – suksess!

Dordi Jorunn Halle Tysdag 20. oktober 2015

Friluftsrådet  Nordmøre og Romsdal melder alt no at StikkUt-seosongen 2015 er ein suksess. Frå 1. mai til 1.oktober er det på nett registrert 9690 StikkUt-brukarar og heile 160 000 turar! Eit fantastisk resultat, og fin framgang frå i fjor. I tillegg er det mange som ikkje registrerer seg på nett, men nøyer seg med å […]

Les heile saka

Tok elgen i Svinvika i dag.

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. oktober 2015

I dag har det vore hjort- og elgjakt i Svinvika, og resultat av jakta vart det. På Gammelsetra kom det ei elgku på Trond Svinvik, som var rask oppe med geværet og felte den. Det var ei fjorsku som vart fangsten, og det er første elgen som er felt i Svinvika sia 2009.

Les heile saka