Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stikk Ut! – suksess!

Dordi Jorunn Halle Tysdag 20. oktober 2015

Friluftsrådet  Nordmøre og Romsdal melder alt no at StikkUt-seosongen 2015 er ein suksess. Frå 1. mai til 1.oktober er det på nett registrert 9690 StikkUt-brukarar og heile 160 000 turar! Eit fantastisk resultat, og fin framgang frå i fjor. I tillegg er det mange som ikkje registrerer seg på nett, men nøyer seg med å skrive namn i Stikk UT-bøkene. Altså er trimaktiviteten langt større enn dei offisielle tala.

IMGP7749

Flott søndag på Ytre Sulå. Foto: Jon Bruset.

Norunn Holten er Stikk Ut- kontakt i Surnadal kommune. Ho er også svært godt fornøgd med StikkUT-interessa i kommunen. Opplegget med varierte turmål i ulik vanskegrad rundt om i heile kommunen trur ho både har inspirert vante turgåarar og nye brukarar til å ta ut på tur. Friluftsliv er  bra for folkehelsa!  StikkUt-turane blir brukte både til gode, gammaldagse søndagsturar, familieturar og til rein trening. Alt er like bra. Da StikkUT-turane er så godt merka, er det no enkelt å ta turen til nye og ukjende turmål, det både inspirerer og motiverer til frilufstliv!

IMG_6950

Svinvikrunden er ein lett og fin tur. Oppi Gammelvegn er det fin utsikt mot Svinvika. Foto: Dordi Jorunn Halle.

IMG_6954

Haust i arboretet. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Norunn Holten meiner at StikkUT-opplegget ikkje skal vere konkurrent til eksisterande tur- og trimopplegg som idrettslag og andre organisasjonar driv, men eit suppelment som kanskje kan føre til større aktivitet for alle. Her i kommunen er det i år 12 ulike StikkUT-turar. Til neste år vil to til tre turmål bli skifta ut, men ikkje i Todalen og Nordvik.

IMG_3730

Det vart mange fine turdagar i oktober, her til Storhaugen. Haust i Todalen. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Reigistreringa på nett tek vinterpause 1. november. Men bøkene blir ikkje samla inn, så det er berre å trimme vidare. Norunn Holten minner om at alle som har registrert mint sju turar på nettet, kan tinge seg StikkUT-premie.

I Todalen og Nordvik har vi tre StikkUt-turmål: Storhaugrunden, Svinvivikrunden og Ytre Sulå. På Storhaugen er det så langt notert 870 turar og uti Gammelvegen er det registrert heile 1720 turar –  flott! Ytre Sulå er eit populært turmål både seinvinters og om sommaren. Men denne sesongen har det vore ekstra stor trafikk – det er  StikkUT-effekten. Søndag 11. oktober var det nesten 40 personar som nytta godversdagen til ein tur oppå Sulå. Mellom dei Jon Bruset som har lånt oss fine bilete.

IMGP7748

Varden påYtre Sulå. Flott ustikt utover fjell og fjord. Foto: Jon Bruset.

IMGP7754

Majestetar: Indre Sulå, Rognnebbå og Folldalssnotå. Foto: Jon Bruset.

Det er mange, mange fine StikkUT-turar i andre kommunar, og. For ei stor veke sidan tok underteikna turen oppå Norska. Denne turen startar frå Vågbø, er svært godt merka og godt tilrettelagt, lett og fin å gå. Sjølv om toppen er berre på 450 m.o.h., så kjem ein godt over tregrensa og utsikten imponerer – ser til og med Neådalssnotå og Rognnebbå! Ein tur det er vel verd å ta!

IMG_6818

Triveleg på toppen av Norska, fin utsikt er det og. Foto: Dordi Jorunn Halle.

 

Først publisert: 20. oktober 2015, 23:12 - Sist oppdatert: 21. oktober 2015, 00:17