Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Beste stand – nok ein gong!

Elinor Bolme Onsdag 29. januar 2020

Det er sesong for dei store byggevaremessene nå utover våren. For tiden er Talgø MøreTre på XL Bygg si fagmesse på Lillestrøm med sin stand av utvalgte produkter i MøreRoyal®. Og dei aller fleste veit at da er det ikkje mange som kan slå dei når det gjeld både planlegging av messeområdet og gjennomføring av dei mange kundemøta i løpet av ei hektisk messe.

Les heile saka

Kvardagsdata – vellukka startkurs

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. januar 2020

Anders Talgø rapporterer om vellukka start for kurs i kvardagsdata. Som det ligg i namnet så er det tenkt som eit startkurs for å lære bort litt om korleis ein kan kome i gang med kvardagsdata, og det er heilt ufarleg å melde seg på. Første kursdagen var det ikkje nokon stor hop som møtte, med dei 3 som møtte opp tykte det var bra og det kjem nok fleire deltakarar etter kvart, trur Talgø som er initiativtakar og ressursperson for opplegget i Skulstua.

Les heile saka


-Bra nok som vi er!

Elinor Bolme Måndag 27. januar 2020

Nesten 50 kvinner i alle aldrar frå fleire plassar i kommunen tok turen til Todalen sanitetsforening sin Kvinnehelsekveld måndag kveld. Her vart det blant anna servert eit interessant foredrag av lege og forfattar Kari Løvendahl Mogstad. Kari er opprinneleg surnadaling, sanitetskvinne og utruleg engasjert i kvinnehelse. Da særskilt den som omhandler svangerskap og barsel.

Les heile saka

Ordinær balleik

Elinor Bolme Måndag 27. januar 2020

I kveld er det ordinær todelt balleik melder arrangørane da kampsportsjef Anders Miyagi Braaten er bortreist. Til og med 3. klasse fra klokka 17.30, og for dei fra 4. klasse og oppover fra 18.30.

Les heile saka

Ein bunad er ikkje berre ein bunad

Jon Olav Ørsal Sundag 26. januar 2020

Søndag ettermiddag arrangerte Todalen historielag sin tradisjonelle «Ettermiddagskaffe» i Todalen ungdomshus. Temaet for årets arrangement var bunader, og Ole Kristian Gundersen frå Husfliden i Kristiansund var dagens foredragshaldar og bunadsekspert. Det er stor interesse for bunader, og historielaget sprengte alle positive prognoser med tanke på tilhøyrarar og måtte sette inn ekstra bord og stolar.

Les heile saka

Massasje- der du er!

Elinor Bolme Sundag 26. januar 2020

Har du smerter i rygg og nakke, såre og trøtte bein?  Orker du heller ikke reise langt for å få behandling? Da kan Nina Ryan Braaten hjelpe deg med både massasje og fotpleie.

Les heile saka

Kvardagsdata – kom å bli med på litt «ufarleg» opplæring i databruk

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. januar 2020

Datakurs har av og til vore eit samtaleemna i lengre tid. Kanskje det er på tide med eit lite kurs i «kvardagsdata»? Kanskje det var ein ide å kombinere dette med litt kaffeslaberas, og så ta ein liten sekvens med eit aktuelt emne attåt?
No, førstkomande onsdag vil Venner av Skulstuå forsøke å dra dette i gang; kl. 12-14 onsdag 29. januar i Gammelskulen.

Les heile saka

Todalen misjonsforening jubilerer – blir 175 år i 2020

Einy R. Elgsæther Laurdag 25. januar 2020

I år fyller Todalen Misjonsforening, «gammelforeninga», som ho også er kalla, 175 år, berre tre år etter at landsorganisasjonen «Det Norske Misjonsselskap (NMS) feira 175 år. Det er utruleg at det i 1845 vart starta ei misjonsforening i ei avsidesliggjande bygd som Todalen, ei av dei første i landet, og den første foreninga i bygda, som også var det einaste organiserte laget i meir enn tjue år.
Heilt sidan foreninga starta har det stort sett vore halde regelmessige møter og ført nøyaktig møtebok og rekneskap over innkomne midlar til misjonens arbeid. Eit historisk og kulturelt klenodium.

Les heile saka

Nordgården med ny låt med «Todalstekst» og premiere på norsk

Jon Olav Ørsal Fredag 24. januar 2020

Todalsvennen Terje Nordgarden er svanger med en ny album som han har kalt KORSVEI. Artig er det også at han på dette albumet debuterer med norske tekster, og spesielt artig er det at teksten til den ene av låtene er skrevet sammen med Jo Sverre, da de to deltok på låtskriverseminar på Todalshytta for et par år siden. Bla videre så kan du lese hva Nordgarden skriver om KORSVEI og resten av låtene i albumet!

Les heile saka

Litt tå kvart å by på

Jon Olav Ørsal Fredag 24. januar 2020

Eiksentret i Surnadal er ny medlem i Todalen.no, og denne veka køyrer dei «Hobbykampanje som varer fram til neste helg. Her tilbyd litt tå kvart av hobbyutstyr og Simen er avbilda med hørselvern med DAB+, Skil batteridrill og Gebe strømaggregat.

Les heile saka

Telefontrøbbel for Telia

Jon Olav Ørsal Fredag 24. januar 2020

Har du hatt problem med mobiltelefonen og dårleg dekning i dag, så er du ikkje åleine om det. Kontakt med Telia bekreftar problema, og det er problem i eit stort område på Nordmøre.  Telia fortel at det blir jobba med feilretting, og lovar at feilen skal være retta i løpe av laurdag føremiddag!