Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein bunad er ikkje berre ein bunad

Jon Olav Ørsal Sundag 26. januar 2020

Søndag ettermiddag arrangerte Todalen historielag sin tradisjonelle «Ettermiddagskaffe» i Todalen ungdomshus.  Temaet for årets arrangement var bunader, og  Ole Kristian Gundersen frå Husfliden i Kristiansund var dagens foredragshaldar og bunadsekspert.  Det er stor interesse for bunader, og historielaget sprengte alle positive prognoser med tanke på tilhøyrarar og måtte sette inn ekstra bord og stolar. 

Ole Kristian Gundersen jobbar med bunader på heiltid. Her viser han gamle mønter som han jobbar med. Foto: Jon Olav Ørsal.

Det er kanskje ingen som har betre kjennskap til bunadar enn Ole Kristian, for det har vore hans store interesse heile livet  – og no er det hans levebrød. Til dagled er han å finne på systua på Husfliden.  Han er pr i dag den einaste som lagar dei populære Farstadvestane – ein aktivitet han utøver i vevstua heime på Frei.  – Ole Kristian er forresten godt kjent i Todalen, etter som familien hadde hytte på Kårvatn og var der alle helgar og feriar som han sa i introduksjonen. Etter ein lang karriere som kreftsjukepleiar på sjukehuset i Kristiansund er han no tilsett i 100% stilling i Husfliden og brukar dei fleste dagane på systua.

Ettermiddagskaffen til historielaget er populær – med bunader som tema trekte arrangementet fullt hus i Todalen ungdomshus denne søndagen. Foto: Jon Olav Ørsal

Ole Kristian ga oss eit historisk innblikk i Nordmørsbunaden, både dame- og herrebunaden. For ein bunad er ikkje berre ein bunad, for det kan brukas fleire typar vestar og enda fleire typar tilbehør til bunadane. Ein periode var det ei bunadsnemnd som bestemte kva som var «lov» å bruke og var nærast som eit bunadspoliti.  No er det eit bunadsråd som er rådgjevande og som kan gje gode råd om bunadens skikk og bruk om ein skal kalle det noko. Eigentleg er det litt komplisert tema for det fins utruleg mange typar og kategoriar – faktisk fleire hundre.

Ole Kristian er ikkje berre bunadsekspert, men også ein habil musikar. Han hadde også med seg fela og trakterte oss for ei par musikalske nummer – Romådalssongen og Tovassvalsen – som ga eit fint og populært avbrekk innimellom alle bunadsvariantane og tilbehøret.  Sjølvsagt var det også traktering med kaffe og bakels med tilbehør og til slutt litt utlodding og trekning. 

Litt musikalsk kultur innimellom bunadspraten – Ole Kistian fikk applaus for sitt innslag med lokale melodiar – Romådalssongen og Tovassvalsen. foto. Jon Olav Ørsal

Bakels og graut til kaffe slår aldri feil – heller ikkje denne gongen! Foto: Jon Olav Ørsal

Åse Redalen og Ole Kristian Gundersen viser ein gamal vest frå Austigarden på Kvennset. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var mange som ønska å prate bunad med Ole Kristian – her er det Tor Holten som poserer saman med han. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er ikkje berre bunader som gjeld – her viser Ole Kristian ei folkedrakt i norsk ullstoff og med broderi. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 26. januar 2020, 19:47