Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kvardagsdata – kom å bli med på litt «ufarleg» opplæring i databruk

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. januar 2020

Datakurs har av og til vore eit samtaleemna i lengre tid. Kanskje det er på tide med eit lite kurs i «kvardagsdata»? Kanskje det var ein ide å kombinere dette med litt kaffeslaberas, og så ta ein liten sekvens med eit aktuelt emne attåt? No, førstkomande onsdag vil «Venner av Skulstuå» forsøke å dra dette i gang; kl. 12-14 onsdag 29. januar i Gammelskulen.

Både PC, nettbrett og telefon kan vere aktuelle hjelpemiddel, så ta med det du har tilgjengeleg. – Det kan godt bli ei veksling mellom personleg hjelp og korte innslag med «kurs».
Er det interesse for dette så kan det vere aktuelt å bruke fleire onsdagar til denne aktiviteten. Erfaringa etter første dag får vere bestemmande for kva fortsettinga blir. Dette er heilt ufarleg å bli med på, men det kan være ganske nyttig i kvardagen!

Vel møtt til alle som vil oppdatere databruken og datakunnskapen sin. Både dei som vil lære og dei som vil bidra er velkomne.

Publisert: 25. januar 2020, 14:25