Etter årsmøtet i 2024 er tillitsverva i laget fordelt slik:
Nyheter knytta til Todalen Bondelag

Olaug Kvendset og Asgeir Longva fikk ”Røktarprisen” for 2014
Måndag kveld var årets siste ”Kløverstukveld” for i år, med mange tilstades i Fokus-bygget. På denne kvelden er det tradisjon med utdeling av ”Røktarprisen”, som i år vart delt ut for 17. gong.

Ståle overlet «roret» til Ola
Tysdag var det årsmøte i Todalen Bondelag. Vi har tidlegare omtalt at Ola G. Kvendset tok over ledarjobben etter Ståle Ansnes. Ståle gikk no ut av styret i laget, etter 21 år i forskjellige styreverv – dei siste åra som leiar i laget. Frå årsmøtet har vi fått eit kortfatta møtereferat frå Håvard Halset som er […]

Ola vart ny leiar i Todalen Bondelag
Tysdag kveld var det årsmøte i Todalen Bondelag. Ola G. Kvendset tek no over leiarklubba etter Ståle Ansnes men elles er det få endringar i styret. Med seg i styret har han Håvard Halset som nestleiar, Frode Grønmyr som kasserar, Siv Halle som sekretær og Sven Olav Svinvik som styremedlem. Vi tok ein liten prat med den nye leiaren, nærast midt i plogfåra…..

No er det slutt!
Fredag reiste dei siste sauene som livdyr til Julsundet. Torsdag bar det til slakteriet med resten og no er det slutt med sauedrifta for Åse og Kåre Øyen på Brubakkå. Det er enno 10 lam som ikkje kom att frå fjellbeite, men dei er nok borte. Det er litt rart å ikkje ha sauer lenger, sier Åse, og ein tåre pressar seg på i augekroken når ho fortel.

Kjempespringfrø – fin blomster men er eit svartelista ugras
Kjempespringfrø er eit ugras som vi gjerne skulle vore kvitt, og det står på svartelista til artsdatabanken. Egentleg er det ei plante som er ført inn til landet som prydplante , men har altså kome på avvegar og fortrengjer lett stedeigne og lokale artar, fortel Gudmund Husby. Den høyrer heime i Himalya, der den veks […]

Populært med «Open gard»
Todalen Bondelag samla over 200 til open gard i Viastua sist søndag. Både bygdefolk og utebygds frå kom publikum for å sjå det nye fjøset og for å sjå korleis livet på ein moderne gard artar seg med både dyr og tekniske innretningar. Vertskap var Ola Kvendset og kårfolket Wenche og Gudmund Kvendset som hadde litt av kvart å vise fram og fortelje om til publikum.

Søndag: Open gard i Viastua
Søndag mellom kl 12 og 16 inviterer Todalen Bondelag til open gard i Viastua, med Ola Kvendset og familie som verstskap. ”Open Gard” er landbruket sitt årlege familiearrangement, og bondelagets viktigaste døropnar mellom landbruket og resten av befolkninga. Denne dagen opnar Ola døra til det nye lausdriftfjøset, og her vil du nok få sjå at roboten […]

Sauesanking – må rekne med tap
Bjørn Kvendset har sauene på fjellbeite på sørfjellet. Majoriteten går oppe i Kjerringa, men det er spredning frå Vassnebba til Veltet på flokken som i år tel 170 dyr, med smått og stort. Dei siste vekene er rundt 110 dyr komne att frå fjellbeite av seg sjølve. Bjørn var litt usikker på kva som var årsak til det, men han trur det er dårleg vêr og dårleg beite – og ikkje rovdyrproblema som er direkte årsak til det. Med den fine og tørre sumaren er beitet alt skjemt – graset er brunt i fjellet, og da fristar nok dei grøne ekrene heime meir.

Søndag 24. august: Open gard i Viastua
Sist det var open gard i Viastua, var arrangementet ein del av Todalen idrettslags 100-årsjubileum i 2008. Sia den gongen har det skjedd mykje i Viastua, sist med utbyggjing av fjøset og installering av mjølkerobot i perioden 2011 til 2013. No er det Ola Kvendset som er eigar og drivar, og Gudmund og Wenche er kårfolk. Open gard er eit arrangement i regi av Todalen Bondelag.

I kø for å bli født…..
I fjøset hos Ola Kvendset i Viastua er det kø for å kome til verda i sommar. I løpet av eit par månader er det eit 30-tals kalvar som skal sjå dagens lys, og det er alt no kome 6 som er komne oppi samlebingen. Med andre ord er det ganske konsertrert kalving denne pereioden og hektisk for Ola som skal være «jordmor» for dei fleste.

Siloslåtten igang – bra med gras
Det er mesta rekordtidleg, men denne veka har dei fleste kome igang med førsteslåtten. Ei kjapp runde rundt bygda viser at det er full trøkk på mannskapet som er engasjert i slåttearbeidet. I fjor var det mange som hadde berre middelmådige avlinger, men i år ser det bra ut, sier Asbjørn Karlsen til Todalen.no.

Saulamminga står for døra
Tysdag var dei første lamma på plass i Viastua. Kårkall Gudmund Kvendset var rutinert fødselhejelpar, da tre små lam kom til verda og dermed starta lammingssesongen. Litt for tidleg var dei nok, men dei var velskapte og sunne, og i kveld var det kamp om dei to spenane til mora. I Viastua har dei eit 20-tals lamsauer i år, og ventar nok 40-50 lam i løpet av påska og utover våren.