Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Bondelag

Etter årsmøtet i 2020 er tillitsverva i laget fordelt slik:

Leiar:                Stine Grytskog Ramsøy   Epostadresse: stine.grytskog@gmail.com
Nestleiar:         Olav Halle 
Sekretær:         Cathrine L. Kårvatn 
Kasserar:         Ola Haugen Ansnes
Studieleiar:     Asgeir Longva 
 
Først publisert: 19. november 2009, 16:13 - Sist oppdatert: 29. november 2020, 11:24

Nyheter knytta til Todalen Bondelag

Tradisjon med lunsj

Tradisjon med lunsj

Dordi Jorunn Halle Tysdag 14. februar 2012

Todalen Bondelag har ein fin og god tradisjon: Kvart år i februar kjem dei til oss på oppvekstsenteret og serverer lunsj – eit «kjøle» populært besøk både blant små og store. Det starta opp for snart 20 år sidan (trur vi) – utgangspunktet var eit prosjekt med sunn matpakke. I dag har dei fokus både på «kortreist» og sunn mat: heimebaka brød frå Steinarstua, egg frå Pestuå, jogurt frå Utigarden og lokal mjølk i kakaoen. Sunt pålegg og grønsaker er ein del av måltidet.

Les heile saka

Landbrukskonferanse – Velkomen til bords!

Landbrukskonferanse – Velkomen til bords!

Jon Olav Ørsal Sundag 5. februar 2012

Fredag 10. februar arrangerer Surnadal Sparebank årets landbrukskonferanse. Det skjer i Surnadal kulturhus, og i samarbeid med Todalen Bondelag og Surnadal Bondelag. Det er det foredrag av både lokale størrelsar, samt foredraghaldarar utafrå. Ola T. Heggem tek for seg landbruksmeldinga, medan Roald Boge vil orientere om vindkraft.

Les heile saka

Ola satsar på mjølkeproduksjon

Ola satsar på mjølkeproduksjon

Jon Olav Ørsal Måndag 14. november 2011

Det er nok mange som lurar på kva som skal skje i Viastua, der det er stor byggjeverksemd med utgraving og støyping av store grunnmurar etter kvart. Det er Ola som satsar på ei framtid som mjølkeprodusent, og no utvider han fjøset med ca 500 m2. Det skal bli plass til nærare 50 mjølekyr, og mjølkerobot til rundt 1,5 mill. kroner er allereie på plass og teken i bruk. Ola er ikkje redd for å satse, for han seier at det er heilt sikkert at vi treng mat i framtida også. Innan 2050 må verda doble matproduksjonen dersom det skal bli nok til alle. Noko av dette skal produserast på Kvennset!

Les heile saka

Mange tok turen til «Open dag» i Pestua

Mange tok turen til «Open dag» i Pestua

Jon Olav Ørsal Måndag 22. august 2011

Rundt 250 personar frå distriktet tok turen til Pestua på «Open gard» søndag. Både store og små kom for å sjå det nye oksefjøset med over 300 oksar og hønehuset med 7500 verpehøner og ikkje minst for å sjå dyra som var der. Det var todalen Bondelag som var arrangør, med Maren,  Asbjørn og resten […]

Les heile saka

Kraftnettsituasjon – Temamøte i bondelagets regi

Kraftnettsituasjon – Temamøte i bondelagets regi

Jon Olav Ørsal Sundag 21. august 2011

Bondelaga i Surnadal og Todalen inviterer til temamøte om nettsituasjonen og korleis nødvendig opprusting av lokale, regionale og nasjonale nett skal finansierast. Lokalt er det i dag enkelte linjer som er utilstrekkelig dimensjonert, og fleire vil få problem etterkvart som meir straumproduksjon vert bygd ut, fortel ledar i Surnadal Bondelag Oddvar Mikkelsen. Han fortel at det er same problemet fleire plassar rundt landet, og det er også eit problem i det sentrale nettet til Statnett.

Les heile saka

Sett av søndagen til gardsvandring

Sett av søndagen til gardsvandring

Elinor Bolme Laurdag 20. august 2011

Todalen Bondelag arrangerer som tidlegare nemt open gard i Pestua på søndag. Der vil Maren Ansnes og Asbjørn Karlsen vere vertskap. Bondelaget, Surnadal Bygdeungdomslag og Start 4H vil stå for det faglege gjennom dagen. Her vil det bli mulegheiter for å stifte kjennskap til ulike dyr, og ikkje minst få sjå inn i eit nymoderne oksefjøs. Det heile startar klokka 12 og varer til klokka 16.

Les heile saka

Open gard i Pestua søndag 21. august

Open gard i Pestua søndag 21. august

Jon Olav Ørsal Måndag 15. august 2011

Søndag 21. august blir det open gard i Pestua. Det er Todalen Bondelag som er arrangør, med Maren, Asbjørn, Anders og Ingunn som vertskap. I Pestua drives det med kjøtt- og eggproduksjon, og det vil bli omvisning i oksefjøset denne dagen. I tilleg vil det nok bli mange slags dyr å sjå, mellom anna lama, kanin og lam for å nemna noko, og dette vil skje i samarbeid med Start 4H der det er fleire av medlemane som har forskjellige husdyr som prosjekt i år.

Les heile saka

Starta andreslåtten

Starta andreslåtten

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. juli 2011

Todalen samdrift starta andreslåtten i dag. Det gjelder å nytte finvêret sier Ståle Ansnes som er ein av drivarane ved samdrifta. Han fortel at graset er kome langt nok, men at avlinga er berre «midt i laget». Yr.no melder bra vêr til og med laurdag, men i neste veke er det meir utrygt.

Les heile saka

Premiere på mjølkeroboten

Premiere på mjølkeroboten

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. juli 2011

I dag var det blautkake i Viastua. Premieredagen for oppstart av den nye mjølkeroboten må markerast såpass. Selbyggen Oddbjørn Stamnes frå Selbu har jobba 3-4 veker med montering av ny mjølkerobot i Viastufjøset. Dette er ei stor investering, godt over ein million, og sammen med ny automatisk kraftforstall vil nok det nye utstyret lette arbeidet etter kvart. Det tek nok litt tid for kyrne å bli vant til dette, men etter kvart blir det nok kø framfor mjølkeroboten. Heile systemet er datastyrt, og held kontroll med kva kyr som er mjølka, og kor mykje kraftfor dei har fått.

Les heile saka

Liten friskus kom til verda

Liten friskus kom til verda

Jon Olav Ørsal Fredag 1. juli 2011

Det er travle tider i fjøset til Gudmund Kvendset i Viastua. Et trettital kyr skal kalve i løpet av sommaren, og til tillegg førebus utbygging av fjøset, og da blir det ein travel anleggsperiode for å kome under tak før vinteren kjem. Onsdag var det imidlertid ei spesiell hending på garden, da ei kvige fikk tvillingkalvar ute på beite. Kalvane var født ca 3 veker for tidleg, og ein kan vel si at det var lettvektere i ordets rette forstand. Den minst kalven som var kukalv, var berre 18 kg. Den andre var 2-3 kg tyngre.

Les heile saka

Siloslåtten i gang

Siloslåtten i gang

Jon Olav Ørsal Sundag 12. juni 2011

På tampen av veka kom dei fleste i gang med siloslåtten. Været har ikkje vore optimalt dei siste dagane, men yr.no lover egentleg ikkje noko betring med det første, seier Ståle Ansnes, ledar i Todalen Bondelag. Todalen Samdrift hadde håp om å fylle siloen før dei tok helg. Aasmund Longva Kvendset var i gang med å lage siloballer, medan Olav Halle hadde besøk av reparatør da vi tok ein lynrunde rundt bygda laurdag ettermiddag.

Les heile saka

Vart gjort stas på…

Vart gjort stas på…

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. mai 2011

Fellesfjøset (Todalen samdrift) har motteke 20-årsplakett for levering av elitemjølk. Dette er ei utmerking frå Tine for levering av mjølk av beste kvalitet gjennom mange år. Fellesfjøset har motteke dei høgste utmerkingane for godt fjøsstell og god mjølkeproduksjon. 20-årsplaketten vart overrekt under Tine sitt regionmøte i Stjørdal 30. mars. Frode Grønmyr og Ståle Ansnes var til stades for å motta plaketten, medan Kristen Ørsal var heime og hadde ansvaret for gardsdrifta. Fellesfjøset har tidlegare motteke Sølvtina, som er den høgste utmerkinga for levering av elitemjølk. Dei har også motteke Røktarprisen i Surnadal.

Les heile saka