Etter årsmøtet i 2020 er tillitsverva i laget fordelt slik:
Nyheter knytta til Todalen Bondelag
Siloslåtten – innahaustinga i gang
Siloslåtten er komen i full gang. Dei første starta alt i helga, men no er nok dei fleste i gang med førsteslåtten i Todalen. Ledar for Todalen Bondelag, Ståle Ansnes, fortel at det stort sett er bra avlingar rundt bygda. Enkelte har nok reduserte avlingar på grunn av isbrann, og det er variasjonar mellom gamle og nye ekrer også. Vinteren har nok vore hard for enkelte grasslag, og det går fort ut over avlingane.
Les heile sakaHeder til bondevenner
Bondelaga i Todalen og Surnadal delte i går ut utmerkelsar i til enkeltpersonar, lag, og bedrifter i Surnadal. Dette er ein landsomfattande aksjon, der lokale bondelag over heile landet kan utnevne sine eigne bondevenner, til dømes personar som bidreg til å løfte fram matproduksjon og landbrukets betydning for det norske samfunnet, skriv Driva.no.
Les heile sakaNyfødde kvennsetgardingar
Sauelamminga er ofte kalla for vårens vakraste eventyr, og det er jammen ikkje langt unna sanninga. Den startar ofte i overgangen mellom vinter og vår, og hos Gudmund Kvendset i Viastua kom dei første lamma i går, da eit trilingpar såg dagens lys. Torsdag kom neste lamming, og jammen vart det trilingar igjen. dei var berre 3 timar gamle da dei hamna på framsida på Todalen.no, og vart altså kjendisar med eing gong.
Les heile sakaStordrift i Brusetmarka
Denne veka er det stordrift med granhogging i Brusetmarka. Det er deler av granfeltet til Ola Bruset som no skal til pers, og i denne omgangen skal det driver fram ca 12-1500 m3, av eit totalt omfang på nærare 6000 m3. Det er Sollid Skog AS i Surnadal som arbeider med ei stor hogstmaskin og ein last bærar til å kjøre fram tømmeret. I tillegg har dei og ei gravemaskin tilgjengeleg for å lag korte køyrevegar der det er naudsynt for å få fram tømmeret.
Les heile sakaMåndag – Vilt og utmark på Kløverstukveld
Viltnemnda i Surnadal og Surnadal bondelag arrangerer Kløverstukveld måndag 18. februar, der Vilt og utmark er tema. Det skjer på kommunehuset, i kommunestyresalen, og startar kl 20.00. Denne kvelden vil det bli ei evaluering av jakta i 2012, samt litt om forvaltningsplana for hjortevilt v/viltnemnda. I tillegg vil Rolf langvatn halde foredrag om Hjorteviltforvaltning, samarbeid og […]
Ståle fikk fornya tillit i Bondelaget
Ståle Ansnes fekk fornya tilliten som ledar i Todalen Bondelag, da laget hadde årsmøte måndag 15. oktober. Etter årsmøtet er det to nye medlemar som tek plass i styret, da Siv Halle vart ny skrivar og Frode Grønmyr blir ny styremedlem, og det kan vel seiast å være eit ungdommeleg styre. Todalen Bondelag eit eit av dei få lokallaga som har overlevd som lite lokallag med sine 36 medlemar. Av disse deltok 14 på årsmøtet, fortel Ståle Ansnes som altså fortsett som ledar i laget.
Les heile sakaSjå etter sauer og lam
Sjå etter sauer og lam dersom du er på fjelltur, oppfordrar Gudmund K. Kvendset. Sjølv har han framleis 20 lam borte, og eit av lamma har han sett på Lauvåfjellet. Nærare bestemt på Romålihøgdin var lammet sist observert. Gudmund hadde eit hundretals sauer og lam på beite i området Kvennsetdalen/Lauvåfjellet, og eit tap på 20 dyr er nok langt frå akseptabelt.
Les heile sakaNyfødd "Halling"
I morgontimane i dag vart det oppdaga at det har vore kalving i beita ovafor Husby. Det er Olav Halle som leiger beite her, og det går 5-6 kyr her som etter kvart skal kalve. Men ein av kalvane hadde det litt travelt med å kome til verden, og det har nok skjedd i løpet av det siste døgnet. Det var Jon Husby som oppdaga den nye krabaten, og kva er vel meir naturleg enn at den nye oksekalven da får namnet "Jobus"? Det er iallfal vårt forslag.
Les heile sakaSiloslåtten har starta
Det er knappe to veker til St. Hans og klart for slåttonn. Todalen Samdrift er som vanleg tidleg ute og er alt komene igang med siloslåtten. Ståle Ansnes fortel at det har vore gunstige vilkår for grasvoksteren og at det er bra avlingar. Dei starta på slåtten på leid grunn i Brusetnesset, med Kristen Bruset […]
Les heile sakaSå blir det tak på fjøset
Vi har tidlegare skrive om utbygginga av fjøset i Viastua. Onsdag var snekkarane frå Vibo i full gang med montering av takstolar på den nye delen av fjøset etter at nye elementveggar er sett opp tidlegare i vår. No skal snekkarane frå Vibo fullføre jobben med utvidinga av fjøset, som skal væra klart til å takast i bruk når kalvinga startar for fullt i juli.
Les heile sakaÅrets lam – sesongpremiere
Så er saulamminga igang! Det første lammet kom i dag tidleg i Viastua, der Gudmund kvendset var på plass for å ta i mot. Førstefødte var til alt overmål eit svart bekkerlam med kvit pannelugg. I Viastua har dei 30 lamsauer i år, og ventar at mellom 60 og 70 lam skal kome til verda i løpet av 2-3 veker. Det starta forsiktig med eit lam i dag tidleg og eit til kom seinare på dagen.
Les heile sakaKort i nakken og fyldig ved ørene
Snart er det tid for vårens vakraste eventyr som er saulamminga. Men før den startar er det tid for sauklipping, og med vinteren på hell og våren anmarsj er det nok mange som no er i gang med dette arbeidet. Gudmund Kvendset i Viastua starta jobben i dag, og sjølv om han egentleg hadde avslutta dagen, så vart nr 6052 avbroten midt i kveldsmåltidet for å vera fotomodell. Men det var fort overstått og etter nokre minutt var det overstått.
Les heile saka