Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ola vart ny leiar i Todalen Bondelag

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. oktober 2014

Tysdag kveld var det årsmøte i Todalen Bondelag.  Ola G. Kvendset tek no over leiarklubba etter Ståle Ansnes men elles er det få endringar i styret.  Med seg i styret har han Håvard Halset som nestleiar, Frode Grønmyr som kasserar, Siv Halle som sekretær  og Sven Olav Svinvik som styremedlem. Vi tok ein liten prat med den nye leiaren, nærast midt i plogfåra…..

På spørsmål om kva som er den største utfordinga for den nye bondelagsleiaren, treng han ikkje tenkje seg om lenge  – Det må bli å få til eit jordbruk som det går an å leve av, uten at det er naudsynt å ha arbeid utafor garden. Elles må vi vise fram kva vi driv med, slik at folk forstår korleis vi produserer maten og at den blir produsert på ein måte som er etisk forsvarleg både for folk og dyr.  Vi må opne garden slik at folk får innblikk i korleis gardsdrifta foregår. Da tenkjer eg først om fremst på å få til samarbeid med skulen, slik at borna kan få kontakt med dyr og eit naturleg forhold til matproduksjon.

Den nye bondelagsleiaren tok over drifta av heimgarden Viastua for litt over eit år sia, etter at treårig jordbruksutdanning var unnagjort. I bondelaget har han alt «fartstid» som styremedlem, og er nok rimeleg bra rusta til å ta over den oppgåva som leiarrolla krev. Han har mange idear, og er mellom anna interessert i stell av kulturlandskap og bruk av utmarksbeite. Dette er viktige og verdifulle ressursar som vi må ta vare på og bruke – vi må unngå at det blir berre krattskog og rovdyr rundt oss, seier han. – Det ligg store verdiar i fjellbeitet i Trollheimen, og det er veldig synd dersom vi steller oss slik at dette ikkje kan brukast til produksjon av mat i ein verden der det blir spådd matmangel på sikt.

Elles fortel Ola at Todalen Bondelag har eit godt og nært samarbeid med Surnadal Bondelag når det gjeld næringspolitikk og andre viktig saker.

 

 

Publisert: 22. oktober 2014, 17:45