«Der den smale grusveien slutter, ved foten av Trollheimen, en mil fra sentrum i Todalen med 350 innbyggere, 13 mil fra Kristiansund og 16 mil fra Trondheim ligger Kårvatn Fjellutstyr AS. En populær sportsbutikk for folk som vil ha ordentlig fjellutstyr, distributør av kjente merkevarer og offisiell leverandør til Norges skiforbund Randonee.» Det er Ingrid Kvande som skriv dette i teksta for omtalen av Kårvatn Fjellutstyr på heimesida til Destinasjon Kristiansund og Nordmøre.
Les heile saka
Fredag og laurdag aksjonerte medlemane i Todalen sanitetsforening med salg av fastelavnsris. Det er ein årviss «happening» at dei lagar bukettar med fastelavnris, som dei pyntar med fargesprakande fjer, som dei så sel til inntekt for sanitetsarbeidet . I år hadde dei altså gjort ein vri og laga stand ved Matkroken L. Hals. Da dei starta laurdag morgon var det rundt 15 kuldegrader, og da hadde dei laga bålplass, og serverte nystekte bollar og varm kakao til dei som kom på handlerunde.
Les heile saka
Søndag 10. februra kl 11 er det gudsteneste i Todalen kyrkje. Det er sokneprest Bernt Venås som forrettar. Takkoffer til Nordmisjonen. Velkomen!
I årets første nummer av DNTs medlemsblad «Fjell og Vidde» har dei ein omtale av 5 anbefalte toppturar. Ein av disse er turen til Tydalsnebba (1274 m.o.h.), med start frå Kårvatn. Dei skriov at turen tek 5 timar, og at toppturski er å anbefale på denne turen. Her er det 1060 meter nedkjøring, som blir krona med ei avslutning ned «norges beste li», med spredt, gamal furuskog og artik kupert terreng. Du kan laste ned den omtalte sida som JPG her.
Les heile saka
I helga er det fastelavnsaksjon, og Todalen Sanitetsforening kjem også i år til å markere dette. Fredag og laurdag blir aktive medlemmer i foreninga å finne på L Hals med salg av tradisjonelle fastelavensris. Norske Kvinners Sanitetsforening har til årets fastelavn utarbeidd nye produkt og spreke markedsføringsstunt, og Todalen Sanitetsforening er ei av foreningane i organisasjonen som har teke godt i mot desse nye ideeane. Derfor vil det laurdag bli stand utanfor butikken der det blir solgt nye , store fjør til å pynte eit heilt vanleg tre med.
Les heile saka
Tirsdag kveld var det årsmøte i Todalen Sanitetsforening, der det vart nokre endringar i styresamansetjinga. Åse Ville Redalen takka for seg etter 10 år som leiar i laget, og årsmøtet valde samstemt Maren Ansnes som ny. Ho gjekk opp frå nestleiarplass, og denne vart erstatta av Ingrid Pedersen. Saniteten hadde lagt eit aktivt år bak seg, men blandt anna oppussing av ytterste utleigeleilighet og måling av heile Sanitetshuset. Godkjent regnskapet viste totalte utgifter som huseigar på nesten 169 000 kroner, medan totale utgifter for 2012 kom seg på vel 268 000 kroner. Likevel gjekk laget med eit overskot på vel 14 000 kroner.
Les heile saka
Tysdag var Jon Bruset ein tur til fjells for å prøve skiføret. Han tok turen opp Klævhauan forbi Talgøsetra og opp til Tristeinan. Det var godt føre og etter at Todalen idrettslag med Arnt Ivar Brønbo på snøskuter hadde køyrd på spor vart det nok bra.
Les heile saka
Sjette februar er ein merkedag for oss ved oppvekstsenteret i Todalen: Det er samefolkets nasjonaldag og sola kjem att! I år var vi attåt så heldige at vi fekk besøk av bondelaget som serverte lunsj. Det har vorte ein triveleg og god tradisjon at Todalen bondelag kvar vinter serverer lunsj til små og store ved oppvekstsenteret. Bondelaget serverer grovt brød med godt og sunt pålegg, kakao, gulrot og kålrabi.
Les heile saka
Vi har fått ein e-post frå Ragna Kvenset der ho helsar og gratulerer med samefolkets dag. Ho skriv:»I dag er det 96 år sidan føregangskvinna Elsa Laula Renberg frå Hattfjelldal, var med å arrangerte det første Samiske Landsmøtet i 1917 i Trondheim. Vi her på Nordmøre har og ei samisk historie.
Les heile saka
Firmaet Betongrenovering As er i gang med sikringsarbeidet i Svinviktunellen igjen. Dei skal no fullføre jobben som vart starta før jul, og noe skal det leggjast netting over det rasfarlige området. Nettingen skal så boltes fast, slik at eventuell lausmasse blir halden på plass.
Les heile saka
Søndag blir du invitert til ettermiddagskaffe! Det er Todalen historielag som står attafor invitasjonen, og det skjer i Todalen ungdomshus søndag 10. februar kl 14. Historielaget har mykje meir å by på enn berre kaffe og kaffebrød. Da blir det visning av gamle videoglimt, der Svein Åge Saksen viser opptak han gjorde for mange år sia – heilt i videofilmens barndom. Treskjerarkunst blir det og vist, for historielaget har fått låne ei unik samlig etter Kristoffer Gjeldnes på Snøya.
Les heile saka
Tysdag når Stockholmsmessa opna, var Talgø på plass for å vise sine produkt for det Skandinaviske markedet. Det er no meir enn ti år sia sist Talgø hadde utstilling der, og det har nok skjedd store endringar både i den skandinaviske møbelmarknaden og hos Talgø sia den gongen. Stockholmsmessa er skandinavias største møteplass for møbel og lysdesign for både private heimar og offentlege miljø. Talgø har fylt opp 420 m2 med møblar for stue og kjøkken, soverom, garderobar og hagemøblar.
Les heile saka