Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Barn i løypa

Barn i løypa

Elinor Bolme Laurdag 28. januar 2012

Torsdag kveld var det full rulle i lysløypa med barn i løypa igjen. Det var andre gongen det var arrangert denne sesongen og dei som møtte såg til å trivast i dåra. Ver og føreforhold var kanskje ikkje optimale, men det er vi vel i grunnen ikkje så kravstore på ved desse arrangementa.

Les heile saka

Trekkspelkonsert og gode historier i Skulstuå (oppdatert)

Trekkspelkonsert og gode historier i Skulstuå (oppdatert)

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. januar 2012

Torsdag 2. februar er det duka for underhalningskveld i Skulstuå (Gammelskulen). Da kjem Odd Arne Halås frå Eide med trekkspel og gode historier. Vi får også høre om todalingar som deltok på Silsetrennet i gamle dagar og Alf Ramsøy vil lese dikt av Leif Halse. i tillegg blir det utlodding og kaffe.   Alle er velkome!    Arrangør er Skulstuå i Todalen.

Her er plakat til arrangementet.


Laurdags-Zumba – noko for deg?

Laurdags-Zumba – noko for deg?

Jon Olav Ørsal Fredag 27. januar 2012

Surnadal Velværesenter inviterer til LAURDAG-ZUMBA i Idrettshallen førstkomande laurdag, den 28. januar kl. 16.00. Alle som vil danse zumba er hjarteleg velkomne! Gratis for medlemar og kr. 100,- for ikkje-medlemar. Du er velkomen på laurdag!


Godt mot, Todalen, svar på søknader

Godt mot, Todalen, svar på søknader

Godt mot, Todalen! Fredag 27. januar 2012

Ut i frå våre mål for prosjektet Godt mot, Todalen og retningslinjer frå Fylkesmannen si landbruksavdeling, er søknadane vurderte.
Svar på søknaden er no klar, og vil vera søkarane i hende neste veke.  Vi beklagar at det har teke lang tid frå søknadsfrist til svar.
Bygdemobiliseringsprosjektet Godt mot, Todalen har frist til  1.juni 2012, og siste årsrapport blir langt ut på todalen.no når den er godkjent.


Oppstart strikkekaffe

Elinor Bolme Torsdag 26. januar 2012

Todalen Sanitetsforening melder om oppstart av strikkekaffe førstkommande laurdag i Sanitetshuset.  Dei held ope til vanleg tid; frå klokka 14 til 17, og håpar mange tek turen innom på litt sosialt samvær og ein kaffekopp. Arrangørane ønsker nye og gamle velkommen innom.

Les heile saka

Refusjon etter Dagmar

Refusjon etter Dagmar

Elinor Bolme Torsdag 26. januar 2012

Svorka Energi melder på si nettside at det er fullt mulig å få kompensasjon etter lengre tids strømbrot, slik som blandt anna råka Todalen då Dagmar for forbi i romjula. Dette vil bli godskreve på den ordinære strømrekninga.

Dei skriv: I Standard Nettleieavtale står det at kunden selv må fremme kravet til oss

Les heile saka

Den staselege Kölnerdomen

Den staselege Kölnerdomen

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. januar 2012

Det var ikkje berre møblar å sjå i Köln. Dei har staseleg kyrkje også – Kölnerdomen. Vi budde i gåavstand frå dette praktbygget, og kunne ikkje reise frå Köln uten å stikke innom der ein tur. Kölnerdomen er 157,31 m høg, så det var ikkje vanskeleg å finne fram dit. Så med Narve Talgø som kjentmann og fagkonsulent tok vi ut til fots og i løpet av ein halvtimes tid og ein liten bomtur var vi framme. Vi vart imponert!

Les heile saka

Blomster for lang og tru teneste

Blomster for lang og tru teneste

Håvard Halset Tysdag 24. januar 2012

For ei tid tilbake hadde Søya Todalen skytterlag sitt første styremøte for året. Møtet var halde på Hammerstuene og agendaen var å kome igang for det nye styret. Andre saker var ein gjennomgang av økonomi og varelager. Det nye styret skulle og bli kjent med kvarandre samt få litt informasjon og tips frå dei gamle.

Les heile saka

Godt mot, Todalen! -kva no?

Godt mot, Todalen! -kva no?

Elinor Bolme Tysdag 24. januar 2012

Mange i Todalen sit no og ventar på svar på søknadane dei vart oppfordra til å sende inn til Godt mot, Todalen innan 1. oktober 2011. Desse kan i følge Godt mot, Todalen ikkje besvarast før dei har fått godkjent den siste årsrapporten for prosjektet. Denne rapporten var enno ikkje innlevert onsdag i forrige veke da todalen.no var i kontakt med fylkesagronom Synnøve Valle hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Ho var heller ikkje av den oppfatning av at dette kunne være informasjon som måtte haldast attende før rapporten var godkjent slik som Godt mot, Todalen har oppgjeve.

Les heile saka

Moro på isen på Bordholmen!

Moro på isen på Bordholmen!

Laila Kvendset Tysdag 24. januar 2012

I helgen har det vært lek og moro på skøyteisen på Bordholmen. Mange var ute for på prøve skøytene i finværet på søndag. Det ble spilt ishockey og gått friløp. Også fredag og lørdag har det vært masse aktivitet på isen. Garderoben har vært åpen og lysene tent til ni-ti tiden på kvelden.

Les heile saka

Fikk knust speilet

Fikk knust speilet

Jon Olav Ørsal Måndag 23. januar 2012

Ein billist på veg til jobb i Todalen (ca kl 7.50) var uheldig og fikk knust eit sidespeil på Nordvik måndag morgon. Møtande billist fortsette utan å stanse, men billisten ønskjer kontakt da det vart ein mindre skade på bilen. Billisten oppfordrar derfor om å ta kontakt på telefon 41 04 16 12 så snart som muleg.


Stem på Årets bilete 2011

Stem på Årets bilete 2011

Ole Petter Talgø Måndag 23. januar 2012

Då er tida kome for å stemma fram det beste biletet for 2011. No er det snart to år sidan vi starta med å stemma fram månadens bilete, og i to og eit halvt år sidan vi byrja å leggja ut bilete vi får inn dagleg. Det betyr av vi snart er oppe i 1000 innsendte bilete.

Les heile saka