Ræta opp var kanskje hovudattraksjonen under laurdagens todalsdag-arrangement. 104 deltakarar stillt på startstreken da ordførar Mons Otnes smelte av startskotet og løparane kunne sette kursen ut frå Bordholmen i retning Halset-ræta. Nokre sette på «full speed» heilt frå starten, og Halvor Drøpping gjorde runden på 11,59 og sette ny løyperekord. Men dei fleste tok livet med ro og bruka den tida dei trong. Og det var kanskje fornuftig, for premieringa var lagt opp til at ein skulle koma så nær idealtida som muleg. Og den vart i år 42,49.
Les heile saka
Det var knytta stor usikkerhet til laurdagens vêrmelding, men vêret vart mykje betre enn vi frykta. Det seier stemnegeneral Knut Bergli, som er glad for at Todalsdagen er gjennomført og han kan føye årets arrangement inn i rekkja av vellukka arrangement. Vi måtte nok tåle nokre regnbyger utover dagen, men ikkje verre enn at arrangementet kunne følgje tidplana som var oppsett og det var knapt ein einaste paraply å sjå på Bordholmen.
Les heile saka
Siste fredagskvelden før Todalsdagen det tid for å ta de siste skippertak før arrangementet blir blåst igang laurdag morgon. Men årets stemnegeneral Knut Bergli såg ut til å ha alt under kontroll, og var stolt over programmet han kunne presentere for årets Todalsdag. Fotball for dei minste står nok i høgsetet, slik som tidlegare år. Mellom tretti og førti lag stiller på Bordholmen i føremiddagstimane på laurdag. Alt kl 09.30 startar dei første kampane, og dei held ballen i gang til siste finalen kl 15.45. Men hovudattraksjonen blir nok mosjonsløpet «RætaOpp», der ordførar Mons Otnes fyrer laus startskotet kl 12.00.
Les heile saka
Kristian Gjeldnes har sendt oss nokre bilder som vart tatt på toppen av Ytre Sula ved midnatt 22. juni 2013. I forbindelse med midtsommar og den lyseste natta i året tok han turen til toppen av Sula.
Les heile saka
I sommar skal bygdebokkontoret ta bilde av heimane i Todalen for bruk i den nye bygdeboka. Fleire innbyggjarar har ytra ønskje om å få vita når fotografen kjem slik at dei kan få rydda opp kring huset eller måla ferdig før dei dukkar opp med fotoapparatet, skriv ansvarleg for prosjektet, Norunn Holten i ein epost til redaksjonen.
Les heile saka
Søya og Todalen skytterlag melder at det er tid for skyteprøve for storviltjegrar. Det foregår på lagets skytebane i Ranheimsvingen på Kvanne, og laget har sett opp følgande datoer for øveingsskyting og skyteprøve: 1/7 -15/7 – 22/7 – 29/7 – 5/8 – 12/8 – 19/8 – 26/8. Skytinga pågår i tidsrommet 18.00 – 20.00
I dag er det klart for presentasjon av årets programhefte for Todalsdagen 2013. Det er Knut Bergli som ghar vore redaktør for årets programhefte, og det er på heile 20 sider med redaksjonelt stoff om Todalsdagen og sjølv sagt annonsar frå mange og trufaste annonsørar. Det er Lillian Halle som har vore grafisk designer, og det vart ei stasesleg programhefte som no blir distribusert i postkassane lokal og som distribueres «world wide» via Todalen.no og facebook.
Les heile saka
Fotballfest for dei minste er kanskje det beste kjenneteiknet på Todalsdagen, men hovudattraksjonen er nok mosjonsløpet «RætaOpp», som hadde sin premiere i fjor under Todalsdagen med over hundre deltakarar. Laurdag er det ny satsing, og da reknar vi med mange fleire deltakar, fortel Knut Bergli og Ingvild Kårvatn i Todalen Idrettslag når dei promoterer løpet. RæteOpp er som sagt eit mosjonsløp på ca 3 km, med start og målgang på Bordholmen stadion.
Les heile saka
Da har sekrereriatet i fotballgruppa satt opp endeleg kampoppsett for laurdagens fotballturnering under årets Todalsdag. I siste liten brukar det alltid å komme endringar, men vi satsar på at siste endring kom seint i går kveld slik at oppsettet under blir gjeldande på laurdag.
Les heile saka
Knut Bergli i Todalen Idrettslag skulle gjerne ha fått tak i ein startpistol til laurdagens «Ræta opp». Det sies at idrettslaget har hatt ein før, og han lurar på om nokon veit kvar denne eventuelt kan befinne seg no.
Etter halvanna time får Knut beskjed om at pistolen er lokalisert. Forsvarleg oppbevart sidan sist den har vore i bruk, i safen på Nedbrettshaugen hos Lars Stensby.
Fotballgruppa og anleggsgruppa i Todalen IL inviterer til dugnad i forkant av årets Todalsdag på Bordholmen. Det har vorte satt opp to dagar, både i morgon tysdag og fredag.
Ta med høveleg utstyr som for eksempel kantklippar, rive, gaffel, slegge, spett og anna motorisert kjøretøy.
Les heile saka
Peter Ploss frå Tyskland og mangeårig fiskar i Toåa har no på føremiddagen tatt ein laks på ca 3-4 kg nedanfor Øyabrua. Redaksjonen fekk tilsendt bilde etterkvart, og håpar fleire sender inn bilde og litt tekst når dei får noko på kroken utover sommaren.
Les heile saka