Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Manglande sjukeheimsplassar

Manglande sjukeheimsplassar

Jon Olav Ørsal Måndag 18. februar 2013

I ein kronikk vi har fått frå Johs Vaag påpeikar han mangelen på sjukeheimsplassar i kommunen og gje uttrykk for frustrasjon i den samanheng. Heile kronikken ligg som vedlëgg i PDF-format og kan lastes ned.  Han konkluderer med at «det er viktig å halde fram arbeidet med å gi dei eldste eldre ein verdig alderdom. Nok fullverdige sjukeheimsplassar ved behov høyrer med i ein slik samanheng. Dette må vi ikkje gløyma.»


Gamle teknikkar med hesjastreng

Gamle teknikkar med hesjastreng

Elinor Bolme Sundag 17. februar 2013

Laurdag var eit knippe damer samla på Nordmøre museum, Åsen for å delta på kurs i bruk av hesjastreng og blomstertråd slik som tatrane dreiv det før i tida. Kurshaldar var utflytta surnadaling Gunda Marie Næss, som no livnærer seg på resirkulering av det alle andre ikkje vil ha. Ho er nemleg å finna på bruktbutikken på Stjørdal gjenbrukstorg, Bruktbo AS. For dei som kanskje kjenner til Gunda Marie frå før, veit nemleg at hos henne har kreativiteten ingen grenser. Ho kan kunsten å trylle det mest fantastiske ut av ingen verdens ting. Derfor har ho i mange år vore oppfordra til å halde kurs i ulike ting, for å lære bort sine triks og ikkje minst inspirere andre.

Les heile saka

Handelsmann i særklasse

Handelsmann i særklasse

Elinor Bolme Laurdag 16. februar 2013

Driva.no har i ettermiddag ein fin reportasje frå ICA Matkroken, der handelsmann Terje Nordvik fortel om opprusting av splitter nytt kjøle- og fryseanlegg i løpet av våren. Han kostar i desse dagar på over 300 000 for å fortsatt oppretthalde posisjonen i todalssamfunnet.

Les heile saka

Barn i løypa godt i gang

Barn i løypa godt i gang

Elinor Bolme Fredag 15. februar 2013

Heile to gonger så langt i år har det vore arrangert Barn i løypa i lysløypeanlegget på Ørsal. I går kveld var det rundt 15 ungar i alderen 2 til 12 år som møtte for å ta nokre rundar i den oppkjøyrde løypa, og få seg litt varm saft attåt. Todalsungane er ikkje så godt vant det med desse arrangementa, da snøen stort sett ikkje ha vore stabil nok til meir enn eit tre-fire slike arrangement i sesongen. Dette blir det forhåpentlegvis litt endring på frå neste sesong, når det nye anlegget på Tjønnmyrene står klart.

Les heile saka

Stangvik historielag – årsmøte

Stangvik historielag – årsmøte

Jon Olav Ørsal Fredag 15. februar 2013

Stangvik historielag  kallar inn til årsmøte tysdag 19. februar kl. 1900. Det skjer på Jokerbutikken, Kvanne, og forutan vanlege årsmøtesaker vil dei forsette etter årsmøtet med temakveld. På programmet står da orientering om kulturminneregistrering og nye vegnamn frå todalskrysset til Stangvik, melder styret. Her kan du laste ned plakaten.


Måndag – Vilt og utmark på Kløverstukveld

Måndag – Vilt og utmark på Kløverstukveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. februar 2013

Viltnemnda i Surnadal og Surnadal bondelag arrangerer Kløverstukveld måndag 18. februar, der Vilt og utmark er tema. Det skjer på kommunehuset, i kommunestyresalen, og startar kl 20.00.  Denne kvelden vil det bli ei evaluering av jakta i 2012, samt litt om forvaltningsplana for hjortevilt v/viltnemnda. I tillegg vil Rolf langvatn halde foredrag om Hjorteviltforvaltning, samarbeid og bestandmodellering og Svein Erik Morseth vil halde eit innlegg om «organisering av storvilt- og småviltjakt i Rennebu kommune. Her kan du laste ned plakaten som PDF-dokument


Feittysdag i sanitetshuset

Feittysdag i sanitetshuset

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. februar 2013

I Sanitetshuset markete dei feittirsdagdag på askeonsdag, med det vart vel like bra for det! Fra Martinus Torvik (tekst) og Reidar Østvik (foto) har vi i hvertfall fått tilsendt info om det som foregikk der, da 28 personer benka seg rundt borene til «kjøtt og påsse». Martinus skriv: «Eldremiddagen i Todalen markerte, og nøt, tradisjonen tro, feitetirsdagsmiddagen – «Kjøtt og Påsse» – en dag forsinket, nemlig sist onsdag. Det gjorde vi med god mat, 28 fornøyde gjester ved bordet og Jon (Jobus) Husby i sprudlende humør med trekkspill og visesang etter at vi kom over i sofakroken og før kaffen.

Les heile saka

Tren ein venn

Tren ein venn

Elinor Bolme Torsdag 14. februar 2013

I dag er dagen den store valentindagen, dagen for nestekjærlighet og omtanke for de i rundt seg. Surnadal trenings- og velværesenter oppfordrer derfor sine medlemmer til å ta med seg en venn til gratis trening og velvære på treningssenteret, kun i dag.

Les heile saka

Kaldt, men mildvêr i vente…

Kaldt, men mildvêr i vente…

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. februar 2013

I går var det på dagen 19 år sia «kulde-OL» i Lillehammer starta, skriv Jon Bruset i ein e-post til redaksjonen. «Februar i 1994 vart ein av dei kaldaste i manns minne også her lokalt. Her på Småhjellan vart det målt kaldare enn -10 grader i 20 døgn i februar dette året. Mellom 4.februar og 2.mars i 1994 var temperaturen over 0 grader i kun 1 døgn !

Les heile saka

Granhekken møtte overmakta

Granhekken møtte overmakta

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. februar 2013

I dag måtte granhekken i krysset mellom FV671 og Myrjarvegen på Kvennset til pers. Det har lenge vore planlagt at denne trafikkfella ved den kommunale vegen og fylkesvegen skulle felles for å auke trafikktryggleiken i krysset. Det skjedde i regi av Skog-kompaniet, men med Ola Bruset frå Surnadal kommune med motorsag og Inge Dønheim frå Dønheim Transport med lastebil.

Les heile saka

Kunstnarspire i Rosenes by

Kunstnarspire i Rosenes by

Elinor Bolme Onsdag 13. februar 2013

Årets første blogginnlegg kjem frå Ida Talgø Roaldset som på 3. året held til i Molde der ho går på vidaregåande skule, med formgivningsfag som fordjupning. Om all tida går med til studering skal være usagt, men mykje av tida går med til studering. Velbekomme!

Les heile saka

Same procedure as every year

Same procedure as every year

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. februar 2013

Hovudretten var i allfall den same som i fjor, og i forfjor og året før. Og den er det ingen grunn til å forandre, for «kjøtt og påsse» er så absolutt på pallplass når det er snakk om lokal god mattradisjon. Og i år, som i fjor og året før var underteikna så heldig å bli invitert til feiring av feittysdag på Vestrum, med Karen Johanne og Svein Talgø ved grytene. På menyen var det ertesuppe til forrett, kjøtt og påsse til hovudrett og Créme Brûlée til dessert.

Les heile saka