Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Idrettens festkveld – meld deg på!

Jon Olav Ørsal Fredag 7. februar 2014

Laurdag 8. februar arrangeres årets «Idrettens festkveld.  Arrangementet starter kl 19.00, og har fleire høgdepunkt utover kvelden. På programmet står innmarsj/presentasjon av klubbane som er under paraplyen til Surnadal idrettsråd, Johan Øiestad med sitt Eggen-show og ikkje minst får vi oppleve Torstein Snekvik frå scena i Storstua i Surnadal kulturhus. I tillegg skal det deles ut 3 priser – «Årets prestasjon», «Årets ildsjel» og «Publikums hederspris».

Årets Idrettens Festkveld blir arrangert av Surnadal Idrettsråd i samarbeid med Surnadal kommune, og det er Svein Sæter som er kveldens konferansier.  Når det gjelder «publikums hederspris har du enno høve til å ta del i avstemminga som foregår på Driva sine nettsider – Driva.no.  Dei fem kandidatane til prisen er:  Terje Nordvik, Ingvar Sæther, Svein Dalen, Tonje Fuglås Kvendbø og Trollheimen kjøre- og ridelag. Verdige kandidatar alle saman, som berre ventar på di stemme!

Billettar kjøper du på Surnadal kulturhus, og prisen er for vaksne kr. 250,-  og for born kr. 150,-.  Her kan du laste ned plakaten som PDF-fil

Publisert: 7. februar 2014, 19:00