Et 20-talls personer hadde møtt fram da Nordvik grendalag avviklet sitt årsmøte i onsdag kveld. Lagets leder ble valgt til ordstyrer, og sekretæren til referent. Deretter gjekk enover til innkallingen og saklisten som ble godkjent uten anmerkninger. Årsmeldingen ble opplest og godkjent, og det samme med regnskapet.
Les heile sakaSøndag er det husbasar
Søndag 10. mars er det stor husbasar i Ungdomshuset. Det er husstyret i Todalen i.L. som er arrangør, og dei har den siste tida vore i full aktivitet med førehandssalg av lodd, både på felleslista og på dei to hovudgevinstane som er med på basaren. Husbasaren har fått ei hagemøbelgruppe, med bord og 4 stolar frå OutLiving-kolleksjonen på Talgø, og i tillegg loddar dei ut eit fint måleri som dei har fått med kunstnaren Elisabeth Aas.
Les heile sakaJohan er klar for Birken, igjen…
Laurdag 16. mars er Johan Kvendset på plass på Tingstadjordet på Rena, der startområdet for Birkebeinerrennet er. Det er 23 gong han stiller til start i år, og no finpusser han forma for å førebu seg best muleg til den 54 km lange turen fram til skistadion på Lillehammer. Kl 07.30 må han være på plass og klar til start saman med resten av klasse M75, som er Menn 75 – 79 år. I år har han startnummer 820 på turen over fjellet. Han har til no gått Birkebeinerrennet 22 gonger, og har klart merket kvar gong. Det står det respekt av.
Les heile sakaLaurdag blir livleg i kulturhuset
Laurdag 9. mars, mellom kl 13 og 16, er det barnas kulturdag i kulturhuset. Og vi gler oss til at huset skal bli fullt av blide og spente småtassa, skriv kulturhussjef Karstein Telstad i ein e-post til Todalen.no. Det blir som vanleg tegning, ansiktsmåling, lesestund, dans og teater. I år skal vi ha ein lokal vri på teatret, da det er spesialbestilt fra Nordmøre Folkehøgskule.
Les heile sakaFeirer 1-årsdag på kvinnedagen
Fredag 8. mars er det eit år sia Surnadal trenings- og velværesenter flytta inn i nye lokaler og utvida verksemda. Det vil dei markere skikkeleg, og slår til med open dag (og kveld) med mange gruppetimar og instruksjon i styrkesalen og bootscampen. Og denne dagen er det gratis, og dersom du blir medlem den 8. mars får du gratis innmelding og ein månad gratis trening der klatreveggen er med i abonnementet.
Les heile sakaFeira seg sjølv!
IL Søya feira seg sjølv med stor bravour i kveld i kantina ved Surnadal Ungdomsskule. Her var dei fleste fotballinteresserte i eigen klubb, og samarbeidsklubbane Todalen og Kvass/ulvungen frammøtte for å overværa at sjølvaste Per Ravn Omdal overrekte Fair Play prisen som klubben vart tildelt hausten 2012.
Les heile sakaCecilie Skog kjem til Vandrefestivalen…
Cecilie Skog blir nok det store trekkplasteret når Norsk Vandrefestival blir arrangert i perioden 2.-4.- august i år. Norsk Vandrefestival skal ha base i Svinviks arboret i år, skriv Driva på sine nettsider Driva.no. Norsk Vandrefestival arbeider no med å få på plass resten av programmet til årets vandrefestival, og dei oppmodar om å sette av dagane fra fredag 2. august til og med søndag 4. august.
Stordrift i Brusetmarka
Denne veka er det stordrift med granhogging i Brusetmarka. Det er deler av granfeltet til Ola Bruset som no skal til pers, og i denne omgangen skal det driver fram ca 12-1500 m3, av eit totalt omfang på nærare 6000 m3. Det er Sollid Skog AS i Surnadal som arbeider med ei stor hogstmaskin og ein last bærar til å kjøre fram tømmeret. I tillegg har dei og ei gravemaskin tilgjengeleg for å lag korte køyrevegar der det er naudsynt for å få fram tømmeret.
Les heile sakaPrisutdeling med Ravn Omdal
Tirsdag 5. mars kl 18.00 på Surnadal Ungdomsskole arrangerer IL Søya – fotballgruppa Fair Play-kveld for både store og små fotballspillere og foreldre – og selvfølgelig alle andre fotballinteresserte i Søya. Klubben ønsker at samtlige spillere – og flest mulig foreldre setter av denne kvelden. Da kommer nemlig Per Ravn Omdal, tidligere fotballpresident og UEFA-styremedlem på besøk, og det ligger an til en storslått feiring av en klubb i medvind. Per Ravn Omdal kommer i den anledning som «Fair Play-ambassadør» i forbindelse med Fair Play-prisen som IL Søya er tildelt for 2012 i Nordmøre og Romsdal Fotballkrets.
Les heile sakaGudsteneste og årsmøte
Søndag 10. mars kl 11.00 er det gudsteneste i Todalen kyrkjem med sokneprest Bernt Venås. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
Etter gudstenesta blir det årsmøte og kyrkjekaffe, melder soknerådsleiar Ildri Sjøland Øyen.
Etterakster etter regn og storm
Arbeidet med å opne stikkrenner og skaffe avløp for oppsamla vatn held fram. Vegvoktarar og folk frå kommunen har vore i aktivitet heile helga for å skaffe avløp for alt vatnet. No er det stort sett opprydding og finpussing som pågår, samtidig som det er mindre nedbør fram til tysdag ettermiddag, da det blir litt snø etter meldingane til yr.no.
Les heile sakaNokre trossa styggveret
Ikkje så alt for mange trossa styggveret laurdag og tok turen til Sanitetshuset på strikkekaffe. Men dei som kom fekk også denne gongen sitte i triveleg selskap og utveksle erfaringar og beundringar for arbeidet sitt. Nokon gjekk også denne gongen heimatt med ny lærdom på strikkefronten.
Les heile saka