Denne gangen skal vi bevege oss over fjellet frå Todalen og til Ålvundeidet. Der har Marie Sanden fått kyndig hjelp av oldebarnet Oda Søyset Holmestad til å forfatte siste blogginnlegg for oss. Vi takker begge to for bidraget!
Les heile saka
Denne gangen skal vi bevege oss over fjellet frå Todalen og til Ålvundeidet. Der har Marie Sanden fått kyndig hjelp av oldebarnet Oda Søyset Holmestad til å forfatte siste blogginnlegg for oss. Vi takker begge to for bidraget!
Les heile sakaEtter raset frakta Svorka Energi inn agregat for å etablere straumforsyning i påvente av reparasjon av kraftlinja. Nokre av agregata har etterpå vore stasjonert i Todalen som beredskap. Det store agregatet, samt dieselforyning har stått ved Talgø Møbelfabrikk i denne perioden. Laurdag vart ustyret henta av Erling Søyseth med kranbil og frakta til beredskapslageret i Surnadal.
Les heile sakaPå mandag er det «retteleg kvardag» igjen for dei fleste. Da startar skulane på att, og etter ein lang sommarferie er det kanskje litt etterlengta også. Litt spenning følgjer som oftast med, i allefall om ei kanskje skal byrje på ny skule for første gong.
Les heile sakaTorsdag 15. august møttest Stavganggruppa ved brannstasjonen på industriområdet i Røtet/Syltørane. Jon Nordvik gjorde ein framifrå jobb som vegvisar og guide på heile turen, og vi vart mektig imponerte over å høyra om alt som går føre seg i her.
Les heile sakaEin liten ulmebrann i maskinrommet på MS Tollesund laga mange forviklingar laurdag. Brannen var udramatisk og var fort sløkt med Co2-anlegget ombord. I kveld kom ny båt på plass, som skal vikarere for MS Tollesund, fram til søndag kveld. Båten som tek over ruta dei to neste dagane er MS Marine Express, som kjem frå Gulen Skyssbåt service i Gulen og har skipper Andreas Bendal og matros Geir Belsaas som mannskap.
Les heile sakaVed kvart ferjeanløp på Kvanne vil det i dag fredag stå ein minibuss klar til å skysse folk som treng å hente bilen sin i Svinvika.
Det blir gratis å reise med ferje til og frå Todalen fram til ein køyrbar veg er på plass, det har Møre og Romsdal fylkeskommune vedteke etter sterkt press frå bebuara i Todalen. Liggekai for ferja MF Førdefjord vil bli flytta frå Halsa til Todalen, noko som også gir moglegheiter for fleire ferjeavgangar til og frå Todalen frå neste veke.
Les heile sakaRasområdet i Todalen er no friskmeldt av fjellsikringsteamet og arbeidet med å fjerne stein og tre fra vegen er godt i gang. Torsdag gav fjellsikrarane frå Betongrenovering klarsignal til at arbeidet med å lage ein kjørbar veg gjennom rasområdet til fylkesveg 671 til Todalen kan byrje skriv Vegvesenet i ei pressemelding.
.
Les heile sakaDet har i dag vore branntilløp i eksosmanifoilen på skyssbåten Tollesund. Dermed må båten desverre takast ut av ordinær rute med øyeblikkelig virkning fortel rådmann Knut Haugen på telefon. Båten slepast no til Kvanne for reperasjon. Han opplyser at ny skyssbåt allerede er på tur frå Måløy. Den ankjem Todalen seint i kveld, så ordinær rute blir derfor ikkje før i morgon tidleg.
Les heile sakaOnsdag kveld møtte vi bokstaveleg talt huldra i Svanhild Husbys skikkelse. Det skjedde ved ei tilstellning ved Talgø utstillingssenter ved Storfossen i Brusetmarka. Talgø har denne veka samla sine tropper på salgsavdelinga, og «huldra» var innhyra som underhaldning denne kvelden. Det var ei kjempefin oppleving i praktfulle omgivelser og det var nok mange som fikk ein klump i halsen når huldra kom ned frå fossen og ut frå skogen.
Les heile sakaI alt raskaoset har det rukket å bli ny månad, og her kjem ei forsinka avstemning for å kåre månadens bilete for juli. Vi er glade for at vi fortsatt får inn mange fine bilete vi kan legge ut som dagens bilete, så vi håpar at dykk fortsett med det sjølv med lange arbeidsdagar med båtskyss og mørkare dagar. Kanskje dukkar det opp eit fint motiv på vegen?
Les heile sakaSurnadal kommune har fått melding frå Statens vegvesen om at Fjord 1 må justere sine rutetider for MF Førdefjord for å kunne opprettholde antall turer mellom Todalen og Kvanne. Dette pga. den lange kjøringa frå/til Halsa morgon og kveld, og regelverk i forhold til maksimal arbeidstid for mannskapet.
Les heile saka