Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Klart for skulestart

Klart for skulestart

Elinor Bolme Laurdag 17. august 2013

På mandag er det «retteleg kvardag» igjen for dei fleste. Da startar skulane på att, og etter ein lang sommarferie er det kanskje litt etterlengta også. Litt spenning følgjer som oftast med, i allefall om ei kanskje skal byrje på ny skule for første gong.

Ved Todalen Oppvekstsenter er det i år 4 nye som startar i første.Det er ein meir enn tidlegare, da det er komme ein ny familie frå Belgia tilflyttande. Som tidlegare nemnt har alle dei 3 som egentleg skulle begynnt i 7. klasse meldt overflytting til Stangvik oppvekstsenter. I løpet av sommaren har Skulesjef Astrid Mogstad Høivik i tillegg fått to søknadar til på dette frå Todalen. Dermed det totale elevtallet på Stangvik 53 og i Todalen 17.

Det er ikkje berre frå Todalen ho har fått slike overflyttingar i år, også ved Mo Oppvekstsenter og Bøfjorden og Bæverfjord Oppvekstsenter er overflyttingssøknader innkomne. Henhodsvis 1 og 9, der samtlige har fått innvilga søknadene.

Skuledagane blir som følgjande for elevane på Todalen Oppvekstsenter og Stangvik Oppvekstsenter:
Todalen:
8.30-14.15; måndag, tysdag og torsdag
8.30-13.15; onsdag og fredag

Stangvik:
8.30-15.00; mandag-torsdag
8.30-13.30; fredag

Publisert: 17. august 2013, 15:50