Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Svorka flyttar heim att utstyret

Svorka flyttar heim att utstyret

Jon Olav Ørsal Sundag 18. august 2013

Etter raset frakta Svorka Energi inn agregat for å etablere straumforsyning i påvente av reparasjon av kraftlinja. Nokre av agregata har etterpå vore stasjonert i Todalen som beredskap. Det store agregatet, samt dieselforyning har stått ved Talgø Møbelfabrikk i denne perioden. Laurdag vart ustyret henta av Erling Søyseth med kranbil og frakta til beredskapslageret i Surnadal.

Det er vel eit teikn på at «faren er over», og at straumforsyninga no er rekna så sikker at ein kan samle inn at utstyret. Agregata, som vart plassert rundt bygda kvelden etter at raset gikk, var i alle fall til god hjelp for å få igang igjen dei viktigaste funkjonane som var strauavhengig. Dersom det skulle bli nytt behov for naudstrøm, kan agregata no fraktast inn med bilferja fram til vegen opnar igjen.

Publisert: 18. august 2013, 08:40