Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stavgang i Røtet og Syltøran

Stavgang i Røtet og Syltøran

Vidar Sogge Laurdag 17. august 2013

Torsdag 15. august møttest Stavganggruppa ved brannstasjonen på industriområdet i Røtet/Syltørane. Jon Nordvik gjorde ein framifrå jobb som vegvisar og guide på heile turen, og vi vart mektig imponerte over å høyra om alt som går føre seg i her.

Jon avslutta dagen med å spandera kaffe på deltakarane, samtidig som han fortalde om beredskapsplana for Surnadal kommune, kriseplan og øvingar. Til slutt kunne vi sjå kor fort ein brann kan utvikla seg, og kor viktig det er at vi har røykvarslarar som verkar – helst seriekopla. Ein stor takk til Jon Nordvik, Roar Nordvik og Lyder Bævre for den interessante dagen dei gav oss!

Bildegalleri frå Stavgangturen til Røtet og Syltåran.   Alle foto: Vidar Sogge

Publisert: 17. august 2013, 05:57