Det gamle postkontoret kjemt til heder og verdighet igjen. Ein gjeng ungdomar er i full gang med oppussing av lokala for å lage treningsstudio, og dei satsar på å ha alt klart til ferien, eller der omkring. Arbeidet skjer i regi av Todalen idrettslag, og det er Knut Jarle Bergli som er styret mann i dette prosjektet. I tillegg til det gamle postkontoret skal garasjen på baksida bli ein del av det nye treningsstudioet som blir på mellom 50 og 60 m2.
Les heile sakaLangfredag: Kjerringdilten på Skihytta
Langfredag er det bare å sette av til skiaktivitetar på Skihytta på Ørsalfjellet. Da arrangerast Kjerringdilten, der det enno er muleg å sikre seg vandrepokalen som den gjevaste premien. Ivar helge Kvendset i TILs trimgruppe fortel at dei har rusta seg med 100 startnummer, og han håpar at det blir folk til å fylle alle. Kjerringdilten startar kl 13.00, og sjølvsagt blir det premiering.
Les heile sakaBirken – Johan hadde privat suppestasjon
Litt spesialforpleining skal man ha, når man er 77 år og går Birkebeinerrennet i klasse M75. Johan kvendset hadde privat suppestasjon oppe i fjellet ved Lillehammer. Johan er nemleg heldig og har søstra Inger i desse traktene, og når ho og søster Anne Marit frå Trondheim stiller opp med familiar blir det litt ekstra service å få både for skirennarar og nettredaksjonar. Johan fikk nysila havregrynssuppe med søstra, medan vi fikk bilder frå seansen med Gisle Haugen.
Les heile sakaStart 4H med LAN
Start 4H har nyleg hatt styremøte, og i etterkant ønsker styret med leiar Tore Talgø Roaldset i spissen å komme med litt informasjon. Fredag 22. mars til laurdag 23. mars vil det bli arrangert LAN i Todalen Ungdomshus. Start kl. 18:00. Slutt kl. 10:00 neste dag. Aldersgrense for å overnatte er 12 år, der medlemene har […]
Les heile sakaHol i asfalten
Det er slett ikkje eineståande at det er eit hol i asfalten, for etter vinteren vil vi nok få sjå at telen har fått skade mange plassar. Litt spesielt er nok holet ved Sissiå, for det er djupt og fylt med vatn, slik at det er vanskeleg å sjå kor stor skaden er. Vi oppfordrar til å køyre forsiktig, for her er det lett å skade forstillinga på bilen dersom du ikkje er oppmerksam.
Historielaget: Årsmøte i rekordfart
Søndag ettermiddag hadde Todalen historielag sitt årsmøte i Todalen ungdomshus. Det var seks saker på dagsorden, og alle gikk raskt unna uten debatt. Årsmeldinga gjenspeila at det er stor aktivitet i laget, og rekneskapen viste at aktivitetane hadde gjeve eit greit overskot som sikrar økonomien i laget. Medlemskontingenten i laget blir uendra , med kr 200 for enekltmedlemar og kr 250 for familiemedlemskap. Laget har i dag 166 medlemar, som er mest bygdefolk og utflytta todalingar.
Les heile sakaTodalen I.L. – sakliste for årsmøtet
Todalen Idrettslag arrangerer årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 21. mars kl 19.00. No kan du laste ned komplett sakliste for årsmøtet her!
Lars Stensby: «Reisebrev fra Svea»
Lars Stensby er flink til å sende oss reisebrev når han er ute i «den store verden». Nå har jobben i Trondheimsfirmaet MainTech ført ham til Svalbard, eller nærmere bestemt til gruvesamfunnet Svea. Han har sendt oss en e-post, med både bilder og omtale om Svea og det som foregår der. Han skriv: «Jobben i MainTech har på nytt ført meg til Svalbard. Vi har nå ansvaret for å gjennomføre lederutviklingskurs for ca 45 ledere i Store Norske Spitsbergen Grubekompani. Programmet gjennomføres i 5 moduler og går over et år.
Les heile sakaTid for å starte oppkjøringa til «Ræta Opp»?
Mosjonsløpet «Ræta Opp» som første gong vart arrangert under todalsdagen 2012, og vart ein suksess med over hundre deltakarar. No er det på tide å teste forma til årets arrangement, for laurdag 29. juli får du sjangsen til å slå din eigen prestasjon frå i fjor. Løypa er den same som i fjor, med start på Bordholmen, og ein svipptur opp til toppen av Ræta. Så er det målgang på Bordholmen.
Les heile sakaJohan har starta!
Johan Kvendset er komen ut i sporet på sitt 23 Birkebeinerløp. Startskotet gikk kl 7.30, og han bruka 59,04 fram til det første passeringspunktet på Skramstad. Birkebeinerrennet går frå Rena til Lillehammer, og turen over fjellet er på 54 km. Johan går i klasse M75, der det er 62 deltakarar. Johan har startnr 820, og dersom du vil […]
Les heile sakaEldremiddag med filmvisning
Sist onsdag var det igjen samling til Eldremiddagen, denne gangen med til sammen 23 gjester. Kokkene Karen Johanne og Grete bød på svinesteik og prostinnens aprikosfromasj, fulgt av kaffe og nystekt kringle, som falt godt i smak hos gjestene. Et viktig bidrag til den gode stemningen var at vi hadde tinget spesielt besøk denne gangen, av […]
Les heile sakaFasteaksjon med konfirmantane
Årleg gjer Surnadals-konfirmantane ein kjempeinnsats gjennom Fasteaksjonen for Kirkens Nødhjelp. Tysdag 19. mars går dei dør-til-dør i heile kommunen. Men alt fredag går startskotet – gjennom inspirasjonssamling på Surnadal vidaregåande skule. Her vil konfirmantar og foreldre i møte med KN få sjå og høre korleis midlane som kjem inn, blir nytta der det trengst som mest. Årets aksjon har det dobbeltydige mottoet «Sammen forandre».
Les heile saka