Julehandelen nærmar seg med stormskritt. Julemarsipanen har vore på plass i butikkane lenge, og no er det nok mange som alt har julegåvene på plass. Julemessa i Rindal er overstått, og det er sikkert messe ein eller anna plass i helga, og neste helg er det på Nordvik og siste helga i november er det […]
Les heile saka
I går kveld arrangerte FAU og Todalen bibliotek eigen bokkveld, der det naturlegvis var ope for lån av bøker, men også ei høveleg anledning til å bli kjent med biblioteket og kva det har å by på. Karen Johanne Talgø dreiv for fullt å organiserte bortimot hundre nye bøker som denne dagen hadde komme frå biblioteket i Surnadal.
Les heile saka
Klarte du å løyse gåta for dagens bilete i går? Her får du iallefall svaret.
Les heile saka
Todalen bibliotek og FAU arrangerer bokkveld 14. november i tidsrommet 18 – 19.30. Kom og gjer deg kjent på biblioteket. Vi ønskjer alle, og spesielt den yngre garde velkomen denne kvelden. Vi håper at alle kan finne ei bok dei har lyst til å lese. Alle er velkomne!
Todalen Idrettslag har også i 2014 fått tildelt eit landsrenn i Norges Cup randonne. Sidan dei siste åra har hatt litt problemer med snømengdene, har idrettslaget denne gongen fått tildelt datoen 15. mars 2014. I følge Norges skiforbund si nettside er påmeldinga allerede i gang
Les heile saka
Laurdag 7. desember blir det Hjortfest i Todalen ungdomshus. Det er Todalen idrettslag som er arrangør, med Talgø & Kårvatn jaktlag som vertskap. Billettane til festa er lagt ut for salg på Matkroken L.Hals, og det er lurt å sikre seg billett fortel festsjef Ragnar Halle.
Les heile saka
Søya og Todalen skytterlag minner om årsmøtet hos HammerStuene på Surnadalsøra tysdag 26. november kl 19.00. På saklista står vanlege årsmøtesaker, står det i ei melding frå styret.
Les heile saka
Måndag starta demonteringa av den provisoriske fergekaia i Todalen. Den vart etablert i begynnelsen av august i år, ei vekes tid etter at raset ødela fylkesveg 671 inn til Todalen. Den gjorde så tjeneste til begynnelsen av september, da vegen vart opna for kollonnekjøring.
Les heile saka
Torsdag kveld er kvelden alle skiientusiastar i Surnadal absolutt bør kjenne si besøkelsestid på Surnadal kulturhus. Då har primus motor Kristin Kårvatn klart å overtale kinosjef Pål Nordmann til å ta inn den store skifilmen Supervention.
Les heile saka
Svorka Aksess er no i ferd med å nå Todalen med fiberkabel. Den siste tida har det vore kabelstrekkjing innover stranda og dei er no komne til Kvennset. Det er i første omgang ei stamlinje opp til Bruset/Todalshytta, med ei grein nedover til Todalsøra.
Les heile saka
Laurdag og søndag var det julemesse med heile 54 utstillarar og god julestemning i Rindalshuset. Det var stor breidde i sortimentet som vart tilbydd under messa. Sjølvsagt var mykje av varene knytt til jul og julefeiring, både som pynt og nyttige ting, men også mange slag bakverk og anna tradisjonsmat.
Les heile saka
Fredag og laurdag har stått i nærbutikkens tegn i Todalen. Dei to dagane har det vore kampanje for å «Handle heime», eller rettare sagt å bruke nærbutikken der du bor. Dette har skapt unormal stor aktivitet i kaffekroken, der direktøren sjølv har servert kaffe og smultringar fredag og bakels med graut som tilbehør til kaffen på laurdag. Johansen bakeri sørga for nykoka smultringar på fredag og Karen Johanne Talgø var innhyra til grautkoking og bakelssteiking på laurdag. Dette vart suksess, fortel Terje Nordvik som sjølv har vore servitør.
Les heile saka