Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jon Bojer Godal: Todalsfurua er unik!

Jon Olav Ørsal Sundag 6. april 2014

Todalsfuruas eigenskapar  er heilt unike. Det er seinvaksen furu som tradisjonelt har vore bruka der det settes store kra til styrke og haldbarheit, sa Jon Bojer Godal da han heldt foredrag om Todalsfurua på Todalen historielags temadag søndag ettermiddag.

Godal_0064

Jon Bojer Godal fikk god kontakt med publikum frå første stund. Foto: Jon Olav Ørsal

Todalsfurua har lange tradisjonar for bruk i båtar, tak og andre krevjande oppgåver og har alltid hatt ein høg pris. Det blir sagt at slike tre kunne koste ein tusenlapp alt i skiftet mellom 18- og 1900-talet. Omrekna i høve levekostnadsindeksen vil det seie at prisen i dag skulle vore nærare 100.000. Trea var ofte over 30 meter lange, og var på fleire m3.

Alt på den tida var det ei etterspurt vare som det ikkje var vanskeleg å selje, og kjøparane kom ofte langvegs frå slik som for eksempel Bergen. Trea stod ofte litt vanskeleg til, og det var ikkje risikofritt å felle dei og transportere dei fram. Difor skjedde som oftast det for kjøpars risiko og regning. Dette måtte både stort mannskap til og minst eit par hestar. Eller  så kunne ein renne dei ned, dersom det var gunstige tilhøve for det.

Trespon_tak_0047

Det er kjerneved og kantved som kan brukast til takspon. Foto: Jon Olav Ørsal

”Stortåillå” veks på fleire plassar i Todalen, men det skal gunstige tilhøve til for at den skal bli lang og tjukk, og samtidig ha dei rette eigenskapane. Difor er det berre på plassar at alle tilhøve stemmer at vi får slike trær. Mest kjent er nok Svinvika, Gjeldnes, Kvennset, Øyalia nedover til Halsetlia.  Andre plassar i Nooreg som har liknande veksttilhøve og store furutær er Telemark og Setesdal.

Det går gjetord om ei av dei største tåillene i Todalen, ”Storjohannes”. Den stod på nordsida mellom Talgø og Kårvatn, og etter spesifikasjonar som er nedtegna trur Godal at den kunne vore opp mot 9-10 m3. Den største furua som er registrert i Noreg er på 13 m3, så Storjohannes var nok i landstoppen.

Lokalt er desse store furutrea ofte bruka til langbord, men i dag er dei mykje bruka til tretak på stavkyrkjer og liknande. Det blir da laga takspon, som er ei byggjeskikk som kanskje er så gammal som før kristendommen, trur Godal. Her må ein bruke kjerneved og kantved. Desse tretaka varer ofte opp mot 400 år når dei er laga av furu i god kvalitet, og det er ingen andre tak som varer så lenge.

Sist det var hogging av slike tre, var tidlegare i vinter. Det skjedde i Øyalia, der skogeigar Ståle Ansnes leverte 13 stortåiller til Husasnotra i Valsøyfjord. Dei skulle brukast til fleire stavkyrkjer rundt om i landet. Dei trea vart frakta fram til veg med helikopter. Andre kjente produkt som er laga av Todalståill, er masta til Saga Siglar, båten som Ragnar Thorset bruka på si jordomsegling på 80-talet. Etter foredraget vart det både både faglege spørsmål og gode historier frå episodar og minner frå tida da det var vanleg med framdrift av stortåiller.

Moe_Godal_0059

Ledar i historielaget, John Moe, takka for eit interessant foredrag om Todalfurua. Foto: Jon Olav Ørsal

Kan vi forvente at det blir stortåller også i framtida var eit av spørsmåla som vart stilt. Det var Godal skeptisk til, for det tek veldig langt tid å ”produsere” slike tre. Dei må vekse i både 2- og 300 år før dei er store nok. Han var også skeptisk til furutre som er planta, for ein veit ikkje kva slag gener dei tre har. Genene kan være ein viktig faktor, saman med dei rette vekttilhøva for å få rett kvalitet, mente Godal.

Godal avslørte i foredraget ein enorm kunnskap om furu, gamle byggeskikka og  båtbygging  som han formidla til forsamlinga på ein framifrå måte.

Publisert: 6. april 2014, 21:44