Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med KNT til Vindøldalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. april 2014

”Vindøldalen – Nordmøres vakreste fjelldal?” var headingen på invitasjonen, når Kristiansund og Nordmøre turistforening inviterte til ope informasjonsmøte i Sagatun onsdag kveld. Etter å ha sett den flotte lysbildeserien til Håvard Johansen, og hørt Nils Røv kåsere om ”Dal’n”, må vi langt på veg være enige i KNTs påstand.

FullsattSagatun_9876 (2)

Møtet trekte mesta full sal i Sagatun. Foto: Jon Olav Ørsal

Vindøldalen, eller Dal’n som lokalbefolkninga seier, var det nok ikkje så mange andre som hadde sett før utbygginga av Trollheim kraftverk skjedde på 60-talet. Da vart det nemleg bygd veg til Vindøldalen, og med vegen vart dalen ”opna” både for hyttebygging og ein fikk eit meir lettvint utgangspunkt for turar lengre inn i fjella.

HavardJohnsen_Bcaspersen_9877 (2)

Håvard Johnsen fikk velfortjente blomster med Berit Caspersen frå KNT

Håvard Johansen tok oss først med på ein lysbildeserie frå nokre av jubileumsturane som KNT arrangerte i 2013, da dei fylte 125 år.  KNT inviterte nemleg folk til fjells for å feire sitt jubileum, gjennom fleire fine turmål. Men mykje av lysbildeserien var frå turmåla med utgangspunkt frå KNT-hytta Vindølbu i Vindøldalen.

kaffebord_9877 (2)

Praten gikk rundt kaffebordet. Frå venstre Guri R. Fiske, Margrete Mogstad, Reidun Halle, Tove Mogstad og Eirik Gudmundsen

Håvard Johansen har nemleg laga eit fint hefte på heile 32 sider, som han har kalla ”Turer frå Vindølbu”. Den inneheld 25 turarforslag,  med utgangspunkt i KNTs hytte. Både korte og lange turar, og både ski- og fotturar.  I lysbildeserien tok han oss med rundt i Vindøldalen og i fjella omkring. Ei imponerande samling av bilde og inntrykk som begeistra publikum. I arbeidet med turheftet, har han nok rukket å bli godt kjent ”oppi Dala”. Håvard Johansen er dessutan godt kjent som forfattar av boka ”101 skiturar på Nordvestlandet”. Her kan du laste ned heftet digitalt (9MB).

NilsRov_9864 (2)

Nils Røv hadde med seg munnspellet, og starta sitt kåseri med tonar frå «Vårsøg». Foto: Jon Olav Ørsal

Nils Røv hadde neste post på programmet. Han hadde med seg munnspel, og starta sitt kåseri med ”Vårsøg”.  Han avslørte ein omfattande kunnskap om Vindøldalen og historia som høyrer til. Heilt frå sitt første møte med fjelldalen som 6-åring og fram til i dag. I tiårsalderen var han gjetar i dalen i 3 sesongar, men han har både gjort eigne erfaringar og hatt interesse av å lytte til både kva tante Randi og andre har fortalt. Mange muntre historier og forteljingar om seterdrift og markaslått og mykje anna.

EirikGudmundsen_9863 (2)

Eirik Gudmundsen presenterte det nye turheftet, med ruter frå Vindølbu. Foto: Jon Olav Ørsal

Etter pause med servering av kaffe og litt tid til prat rundt borda var turen komen for Eirik Gudmundsen, som er leiar i KNT. Han viste lysbilde og fortalte om KNTs hytter og aktivitetar i Surnadal kommune. Han tok oss med på rundtur med start på Kalsetsetra i Bøfjorden, og innover fjellheimen i ord og bilde. Frå hytte til hytte, med Jutulbu, Tverrlihytta, Hardbakkhytta, Grytbakksetra og til Hermannhytta. Vidare frå Øvre Sætra til Sætersetra, Vindølbu, Snotbu som er planlagt hytte i Fagerlidalen, utover romådalen til Todalshytta og vidare over Bjøråskaret til Innerdalen og vidare til Volla setra i Sunndal.

Kaffeservering_9857 (2)

Hege Røe, Berit Caspersen, Randi Sogge og Ingrid Nordvik frista publikum med graut og bakels. Foto: Jon Olav Ørsal

Han orienterte også om dei store investeringane som er gjort dei siste åra og det gode samarbeidet som foreininga har med Olav Thon og hans hyttefond som hjelper til med finansieringa av arbeidet.

Nedafor finn du eit lite galleri med «ferske» bilde frå Vindøldalen.  Foto: Elinor Bolme.

Publisert: 5. april 2014, 09:20