Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Furkunn» på nygrøå

Jon Olav Ørsal Sundag 6. april 2014

Frå Halsanaustan er det mesta unntaksvis at du ikkje ser hjort når du har trafikkert over Halsafjorden. Tok ein tur laurdag kveld, både for å kunne sjå og kanskje fange inn nokre bilder som vi kunne dele med lesarane. Med slike antal er det nok stor slitasje på innmarka som nok er sårbar når telen akkurat er gått, og før røtene får feste grepet og grasvoksteren tek til for alvor.

I redaksjonen er vi nok ikkje utrusta for naturfotografering, og resultatet med ein 18-200 mm zoom vart nok deretter. Denne kvelden var det ikkje akkurat noko storinnrykk, men ein flokk på 60-70 dyr en nok for ein stor flokk å rekne det og. Det var mest hjort i omådet ved planteskulen, der dei var lett synleg frå vegen.

Utkjøring av husdyrgjødsel som pågikk i området la nok ein dempar på trafikken, for hjorten er nok utrusta med ein utruleg god nase. Det kan nok hende at formålet med denne aktiviteten var å begrense trafikken og dermed redusere skaden på innmarka.

Nedafor har vi laget eit lite bildegalleri frå laurdagens «hjortesafari» som slett ikkje vart noko skrytealbum, men heller ein slags dokumentasjon av antal dyr på innmarka.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 6. april 2014, 11:10