Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kafévert søkes

Elinor Bolme Onsdag 2. april 2014

Ved Svinviks arboret er det ledig fast stilling som kafèvert med driftsansvar for publikumsmottak og kafè. Stillinga er ei fast sesongarbeidarstilling og er på 100% i perioden 15.04-15.08 kvart år. Surnadal kommune skriv på si heimeside at verten må trivast med høgt arbeidstempo og ha gode kommunikasjonsevner. Kafèdrifta er ein viktig del av sesongdrifta i Svinviks arboret, og er eit tett samarbeid med Nordmøre museum, avd. Surnadal, som har overordna driftsansvar for Svinviks arboret.

Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:

  • Driftsansvar for kafè og publikumsmottak etter eksisterande konsept
  • Ansvar for meny og oppølging av bestilte grupper
  • Ansvar for økonomi og innkjøp
  • Ansvar for at drift skjer etter Mattilsynets krav
  • Arbeidsleiaransvar for øvrige tilsette i publikumsmottak og kafè
  • Turnusansvar
  • Samarbeid med museumsdrivar

Sjå meir om stillinga på Surnadal kommune si heimeside

Først publisert: 2. april 2014, 02:15 - Sist oppdatert: 1. april 2014, 22:21