Kjøp revybillett reklamerer handelsmann Nordvik når vi er innom Matkroken. Frå i dag er revybillettane i salg på Matkroken L.Hals, og dei kan by på to forestillingar 3. juledag – ein førpremiere kl 15.00 og hovudforestillinga kl 20.00 om kvelden. 3.-dagsfest og julerevy har lange tradisjonar i Todalen. Det er no fotballgruppa i Todalen idrettslag […]
Les heile saka
Gunvor Fuglevåg er i gang med utkjøringa av juleposten. Ho har i snart 20 år kjørt ut post til todalingane, men har no gjorte 40 års tjeneste i Posten til saman. Nyleg var ho i Oslo for å ta i mot ei markering, saman med mange kolleger som hadde jobba i 25- eller 40 år […]
Les heile saka
Laurdag ettermiddag arrangerte Todalen sanitetsforeing årets siste strikkekafe i Sanitetshuset. Vår utsendte passa på å stikke innom akkurat da det var kaffeservering, da vi har gode relasjoner til trakteringa som sanitetskvinnene byr på.
Les heile saka
I dag har borna i Todalen oppvekstsenter vore opptekne med Lucia-tog og nissemars. Småskulen gjekk Luciatog både i barnehagen og på skulen. Etterpå smaka det godt med nybaka lusekatter! SFO arrangerte nissemarsj og gløgglag med sjølvlaga pepperkaker til.
Les heile saka
Eit nytt månadsskifte er passert med god margin, og vi er klare med avstemninga for månadens bilete i november.
Les heile saka
Vi har no fått informasjon om at både Netcom- og Telenornettet er ute av drift i Todalen og ellers store deler av kommunen for tida. Feilen er nylig meldt til operatøren, og dei har ikkje klart for seg kvar feilen ligg, enda. Derfor kan dei heller ikkje anslå rettetid så langt. Fleire antenner skal være ute av drift i vårt område.
Les heile saka
Så langt har Todalen komme godt unna det med stormen Ivar som herjer ute. Eit par trefall på Nordvik på ettermiddag/kveldinga er det einaste som har vore observert så langt. Vegen var sperra like før Sollia boligfelt då ei stor gran velta over vegen. Dette vart rydda umiddelbart. Rett etter 60 sona på Nordvik ligg treet i bildet over.
Les heile saka
I ei pressemelding frå Svorka skriv dagleg leiar Hallvard Fjellvær no til redaksjonen at stormen Ivar allerede har gjort seg bemerka på Nordmøre.
Les heile saka
Karen Johanne Talgø melder om stengt bibliotek grunna stormen som herjar rundt hushjørna. Det blir høve seinare for dei som skulle ha levert inna dagens frist.
Les heile saka
Fjord1 melder no at ferjeruta Kvanne – Rykkjem er i drift igjen frå kl 18.00. Meldingane på yr.no går ut på at vinden vil avta i styrke utover kvelden. Sjå vêrmeldinga for Todalen på yr.no.
Inviterer til internasjonal kafe og feiring av Lussi Langnatt i Skulstuå fredag den 13.desember kl 18.00. Nedafor har vi lagt ut nokre bilder frå siste familedag i oktober, då ni ulike nasjonalitetar var samla til sosialt samvær. Alle er velkomne!
Les heile saka
Gjennom skuleåret så langt har elevane ved Todalen oppvekstsenter hatt felles skulemåltid til elevane. I den anledning har skulen fått gratis egg frå Pestuå til måltidet gjennom heile hausten.
Les heile saka