Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fasteaksjonen ga 7700 i Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. april 2014

Tysdag kveld deltok årets konfirmantar i Fasteaksjonen til Kirkens nødhjelp. Med god hjelp frå foreldre og søknerådet besøkte dei alle heimar med bøssene sine, og resultatet frå aksjonen vart 7700 kroner. Dette er litt mindre enn i fjor, og det har nok si orsak i at det var mange som ikkje var heime.

Svein Talgø på vestrum puttar pengar i bøssa til Lars Stensby.  Foto: L. Stensby

Svein Talgø på Vestrum, puttar pengar i bøssa til Lars Stensby. Foto: L. Stensby

Innsamlingsaksjonen er landsomfattande, og er her i kommunen er aksjonen leda av Kyrkjeleg fellesråd for Surnadal og Rindal. Ledar i Todalen sokneråd Ildri S. Øyen rettar ein stor takk for innsatsen til både konfirmantane, foreldra og soknerådet for innsatsen.

Resultatet av oppteljinga vart 7700 for Todalen sokn. Foto: L. Stensby

Først publisert: 8. april 2014, 23:03 - Sist oppdatert: 9. april 2014, 00:08