Betongrenovering AS er nok ein gong ankommet Todalen, denne gongen for å starte sikringsarbeidet forbi rasstaden uti stranda. Firmaet frå Bjerkvik er no godt i gang med montering av eit 100 meter langt fanggjerde på 5000 kJ. Til samanlikning kan det nemnast at fanggjerdet som samme mannskap sette opp i Oppdølsstranda tek «berre» 3000 kJ.
Les heile saka
Høst, grisevêr, og nye serier på dei ulike fjernsynskanalane er fellestrekk i denne tida. Fleire av seriane som dei ulike kanalane sender er gjengangarar, ofte i sjangeren reality. Da er det alltid spennande å sjå om det er kjentfolk med. Og denne hausten er det nok fleire i både Surnadal og Todalen som følgjer med den tøffe gjengen i «Ingen grenser» på TV2 ettersom Camilla Rambø, med røtter frå Surnadal, og ikkje minst tidlegare busett i Todalen, er med.
Les heile saka
Da kan vi meddele at vegen inn til Todalen, forbi rassraden no er åpna for fri ferdsel heile døgnet, utan nevneverdig ventetid. Denne gladnyheita er det Nils Erling Skålvik i Statens Vegvesen som meddeler oss på telefon frå rasstaden. Han er i området i dag fordi Betongrenovering er venta med ei kjempestor kran for å starte med sikringsarbeidet i rasområdet.
Les heile saka
Surnadal kommune melder på sine nettsider at dei desverre lyt halde vegen frå Vassosen og til Kårvatn stengt på dagtid denne veka også. Dette betyr at Kårvatn Fjellutstyr må ha ope litt utaom vanlege tider, då dei har annonsert med fortsatt stort haustsalg denne veka.
Les heile saka
Ulrich Østigård Ness (17 år), med solide røtter på farsida (Leif Arne Ness) fra Todalen, er som kjent en dyktig og talentfull fotballspiller. Ulrich har trent fast med A-laget til Strømmen de siste månedene, og i kveld fikk han også debuten i seriekamp i Adecco-ligaen. 3 minutter før slutt i kampen mot Ranheim (seier 4-1) fikk Ulrich sitt innhopp.
Les heile saka
Jakt er slett ikkje noko nytt for Kristoffer, og han er forlengst ein habil rypejeger. Han har alt fått mange ryper i frysaren denne hausten også. Men i dag flytta han nok grensa litt ekstra, da han fikk elgen på post under elgjakt på Terråk i Nordland. Men med eit velretta skot gikk elgkua rett i bakken og var ferdig. Dermed var det første elgfallet eit faktum.
Les heile saka
Forrige helg arrangerte Trondhjems Turistforening (TT) kurs i vedlikehold og merking av turistruter på Kårvatn. TT har mange ruter i Sylane og Trollheimen der det alltid er behov for folk til frivillig innsats. Her i Todalen har TT ansvaret for rutene i Naustådalen, Gammelseterdalen og ruta over Bjøråskardet til Innerdalen.
Les heile saka
Det var rett og slett ein salsstart over all forventning, seier Gudmund Kårvatn til Todalen.no. – Folk kom frå både nær og fjærn for å sikra seg utstyrsgodbitar eller rett og slett ta seg ein kaffekopp og smaka på heimebaksten til Søstrene Dala. Laila, Kristian og Gudmund hadde det travelt med å betjene alle som kom innom i løpet av dagen.
Les heile saka
Hausten er den finaste tida i fjellet, og i år har også vêrgudane vist seg frå si beste side. Det har gjort at det har vore ein nytelse å gå i fjellet, både for kropp og sjel. Lite nedbør har gjort at det er fin å ferdast og det er ikkje noko problem å kome over elvane. Åshild og Trygve Halle har vore på sin årlege tur til Fagerlidalen for å sjå om Tælehytta og for å prøve fisket i Fagerlidalsvatna.
Les heile saka
Laurdag går startskotet for det store salget ved Kårvatn fjellutstyr. Stengte vegar har gjort at det er mykje sommarvarer att, så det er vel verdt å ta turen opp til «butikken på låven», som denne helga også er open på søndag. Massevis av varer er lagt fram for salg i butikken, og det er nok mang ein godbit å finne i det store vareutvalet som skal ut på billigsalg med 20-80 % avslag. Og vegen den er open heile helga, både FV671 inn til Todalen og vegen opp til Kårvatn som fram til fredag ettermiddag er steng på grunn av vegarbeid.
Les heile saka
Torsdag den 3. oktober la Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag turen til Buret på P-øra, ein svært fin og intim serveringsstad med heilt spesiell atmosfære, og han ligg tett ved brua som går over til Bølandet i Bøfjorden. Olaf Ansnes, bestefar til Liv Berit, dreiv i si tid landhandleri i den fine, kvitmåla hovudbygninga. Det var ei godt eigna plassering for ein butikk, sidan vegen da gjekk rett gjennom gardstunet. Denne vegen vart omlagt da brua til Bølandet vart ferdig i 1964. Buret hadde opprinneleg stått som stabbur på på Kvennbøen, og har etter det vart flytta til Bøfjorden vorte påbygd kjøkken og toalett.
Les heile saka
Styret i Start 4H må diverre avlyse planlagt tur oppi Kvennsetdalen i morgon laurdag 5.oktober, pga dårlege vermeldingar. Vi kjem attende med meir informasjon, om vi ser at veret blir betre til neste helg. Så følg med på todalen.no – kvar dag!