Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Uheldig snekkar

Uheldig snekkar

Jon Olav Ørsal Fredag 14. september 2012

Ein snekkar var uheldig under arbeid på taket på nyfjøset i Viastua torsdag. Dei nylagte stålplåtene vart nok litt glatte i regnværet, og så var uhellet ute og han fall ned frå taket. Han vart nok litt mørbanka av fallet, og fallet medførte brot i eit handledd. Uhellet skal rutinemessig etterforskast skriv Tidens Krav på si nettside.


Lite rype i fjellet

Lite rype i fjellet

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. september 2012

Måndag 10. september starta årets rypejakt. Det blir rapportert om lite ryper i fjellet, og mange plassar er årets rypejakt rett og slett avlyst. Den seine våren og kalde sommaren må nok ta skulda for dette, og det er nok mange ryper som rett og slett har hatt mislukka klekkjing. I Møre og Romsdal vart det i fjor felt 5900 ryper, og korleis tala blir i år er det ingen som veit.

Les heile saka

Ope møte om diabetes og enkel førstehjelp

Ope møte om diabetes og enkel førstehjelp

Elinor Bolme Torsdag 13. september 2012

Tirsdag 18.september kl. 19.00 arrangerer Todalen Sanitetsforening ope møte i Todalen Ungdomshus.
Sanitetsforeningene i Rindal, Straumsnes, Halsa, Torvik og Øvre Surnadal er også inviterte, men Todalen Sanitetsforening håpar at programmet er såpass interessant at fleire møter opp.

Les heile saka

Premiere på elgjakta

Premiere på elgjakta

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. september 2012

Måndag var det start på årets elgjakt, og alt kl 9.30 fekk Ola Halle ein 2 1/2 åring på kornet. Ola trefte på elgen i eit furufelt straks  innafor Hjellnessetra, og dermed vart det årets første elgfall etter eit velretta skot. Det skjedde rundt 50 meter frå skogvegen som går forbi, og dermed vart det ei grei […]

Les heile saka

Stem på månadens bilete for august

Stem på månadens bilete for august

Ole Petter Talgø Tysdag 11. september 2012

No når sommaren har kome og gått, og hausten er på veg inn, er det på tide å kåre vinnaren av månadens bilete for august. Dei store varmeperiodane har også denne månaden uteblitt, men at det har vore nokre fine dagar er bileta vi har fått inn gode bevis på.

Les heile saka

Vekas kamper

Vekas kamper

Elinor Bolme Måndag 10. september 2012

Nok ei ny veke, med fleire kampar rundt om på stadionane.Vi tek med både kampane som går på Bordholmen, Søyabanen, Banksletta og Ålvundfjorden. Desse ligg også ute på IL Søya sin banekalender, og er til ei kvar tid oppdatert ved omrokkeringar. Vekas kamper er som følgende: MANDAG: G10Søya/Todalen 1- Surnadal kl 18 på Banksletta TIRSDAG: G10Søya/Todalen 2- Halsa kl […]

Les heile saka

Full klaff i 1. jakthelg på heimebane

Full klaff i 1. jakthelg på heimebane

Elinor Bolme Sundag 9. september 2012

Talgø/Kårvatn jaktlag har fått ei bra start på årets hjortejakt i Todalen. På to dagar har tre dyr vorte fellt, der dagens fangst står høgst i kurs i allefall for skyttar Ragnar Halle. Han fekk nemleg ein 11 taggar på post i Gammelseterdalen på Kårvatn. Det var i følge dei andre på jaktlaget stor jubel hos Ragnar då dei til slutt fekk leda bukken til posten hans. Talgø jaktlag har i år leidd jaktvaldet på Kårvatn, samstundes som de òg har eit vald i Rodalen.

Les heile saka

Cupdag på Trollbanen

Cupdag på Trollbanen

Elinor Bolme Sundag 9. september 2012

I dag har det vore arrangert Rindals cup på Trollbanen i Rindal. Søya/Todalen stilte med tilsaman 4 lag, i klassane G8/J8, G10 og G12. Banen bar tidleg på kast preg av all nedbøren som har vore den siste veka, så det var ikkje så mange reine fotballspelarar å sjå utover dagen. Men rindalingane hadde overmakta med seg, då vi fekk opphalds med til og med sol utover dagen.

Les heile saka

Oppstart mer strikkekaffe igjen

Oppstart mer strikkekaffe igjen

Elinor Bolme Sundag 9. september 2012

Førskommande laurdag er det oppstart på den populære strikkekaffeen som Todalen Sanitetsforening brukar å arrangere i Sanitetshuset. Alle nye og gamle strikkarar er hjerteleg velkomne til ein ny haus med sosialt samvær og litt kreativt handarbeide. Men arrangørane påpeikar at dette er eit ope arrangement for alle som har lyst, og handarbeid er ikkje påkrevd. Undervegs blir det servering av kaffe med noko attåt.

Les heile saka

Endeleg på plass!

Endeleg på plass!

Jon Olav Ørsal Sundag 9. september 2012

Fredag vart den nye gravemaskina til Per E. Gjeldnes Maskin levert. Det er ein Volvo EW 140D, som er ein topp moderne hjulgravar. Den er levert med med roterande rototilt, som sammen med klype blir eit ypperleg utstyr for legging av steinmurar. Per Gjeldnes driv entreprenørfirmaet Per E. Gjeldnes Maskin saman med sonen Arne, og laurdag var dei i full aktivitet med montering av utstyr, og prøvekjøring ved verkstaden attmed Bordholmen.

Les heile saka

Kjøtt og påsse med Eldremiddagen

Kjøtt og påsse med Eldremiddagen

Reidar Østvik Laurdag 8. september 2012

Etter at Eldrerådet i Surnadal sist onsdag var ferdig med sitt møte i Todalen og hadde fått omvisning på Gammelfabrikken, ble rådet invitert til høstsesongens første «eldremiddag» sammen ordfører Otnes og rådmann Haugen i kommunen. De dyktige kokkevertene våre hadde pyntet opp i Sanitetshuset med blomster og bordopp-dekking så det nesten minnet om en bryllupsfest, og serverte en førsteklasses «kjøtt og påsse» – middag fulgt av riskrem og kaffe.

Les heile saka

Fotterapi

Fotterapi

Elinor Bolme Laurdag 8. september 2012

Da er det klart for en ny runde med fotterapi melder Marit Sanden Søyset i Todalen Sanitetsforening. Denne gongen er dei oppsatte dagene som følger: torsdag 20. september, fredag 21. september og laurdag 22. september. Det er fortsatt fotterapaut Olaug Bergheim Aspill som tek turen innover til Sanitetshuset.

Ho startar kl 9 alle dagane, og dei som ønsker å bestille time lyt henvenda seg til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391 eller 71 66 39 28.