Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ta vel i mot bøssebærarane

Ta vel i mot bøssebærarane

Jon Olav Ørsal Sundag 21. oktober 2012

Søndag 21. oktober er dagen for den store innsamlingsaksjonen som går på NRK1. I år er det Amnesty International Norge som er formålet. Amnesty arbeider for å avdekke grove brot på menneskerettane i fleire deler av verda. Slgaordet er «Stå opp mot urett». Fjorårets innsamlingsaksjon gikk til Norsk Folkehjelp, og dei klarte å samle inn heile 219 mill. Målet i år må væra å klare minst like mykje og kanskje litt meir? Så ta vel i mot bøssebærarane, og gi så det svir!

Les heile saka

Fikk storelgen på kornet

Fikk storelgen på kornet

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. oktober 2012

Laurdagens jakt vart krona med hell for Anita Talgø i Talgø/Kårvatn jaktlag, og resultatet vart ein stor elgokse på godt over 200 kg. I jaget var det ein som var enno større, men den den lurte seg unna. Dei jaga frå Kvennåa ved Kårvatn i retning Storsvaet da dei straks kom i kontakt med den største elgoksen, som reiste bakom jagarane. Etter omorganisering vart det eit nytt jag, og da kom det først ei elgku, og så oksen som fikk sine banesår frå Anita.

Les heile saka

Stavgang til P-Øra i Bøfjorden

Stavgang til P-Øra i Bøfjorden

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. oktober 2012

Torsdag den 18. oktober la Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag turen til Buret på P-øra, ein svært fin og intim serveringsstad med heilt spesiell atmosfære, og han ligg tett ved brua som går over til Bølandet i Bøfjorden. Huset var opprinneleg stabburet på heimplassen til Ragnhild Ansnes på Kvennbøen, og har etter det vart flytta til Bøfjorden vorte påbygd kjøkken og toalett.

Les heile saka

Kveldsgudsteneste med latinamerikanske rytmer og lovsong

Kveldsgudsteneste med latinamerikanske rytmer og lovsong

Jon Olav Ørsal Fredag 19. oktober 2012

Gruppa Allpa Yuraq frå Peru deltek på gudstenesta i Todalen kyrkje søndag kveld 21. oktober kl. 19.30. Her blir det latinamerikanske rytmer og lovsong til eksotiske instrument. Sist onsdag innførte Todalen si nye lokale «Grunnordning for hovudgudstenesta». Den er nokså lik den «gamle» liturgien som alle kjenner.

Les heile saka

Populært med «Damenes aften»

Populært med «Damenes aften»

Jon Olav Ørsal Fredag 19. oktober 2012

Byggmakker Surnadal arrangerte torsdag kveld «Damenes» aften i butikken, og hadde skikkeleg respons med et nittitals damer i butikken. Her fikk de både faglig input og underholdning i en fin kombinasjon. En representant fra Jotun sørga for å oppdatere damegjengen på farger og trender, medan Inga Dalsegg orienterte om måleteknikkar.

Les heile saka

Terje Talgø og Talgø Invest videre!

Terje Talgø og Talgø Invest videre!

Elinor Bolme Fredag 19. oktober 2012

Tidens_Krav melder om at både Terje Talgø i Talgø Invest og Hege Gåsvand i Gåsvand Eiendom og Rindalslist fra Rindal i går kveld gikk videre fra den regionale finalen i Ernst & Young Entrepreneur Of The Year, vekstskaperprisen for 2012.

Les heile saka

Sunnmøring vart regionvinnar

Sunnmøring vart regionvinnar

Jon Olav Ørsal Fredag 19. oktober 2012

Torsdag kveld var det regional prisutdeling i «Ernst & Young Entrepreneur Of The Year» i Trondheim. Det var knytta stor spenning til denne prisutdelinga, der to av kandidatane var nordmøringar, nemleg Hege Gåsvand frå Rindalslist og Terje Talgø frå Talgø Invest. Det var imidlertid sunnmøringen Asbjørn Solevågseide bedrifta Optimar Holding som trekte det lengste strået og vart regionvinnar. Men alle dei tre går vidare til landsfinalen som skjer på Oslo Plaza den 27. november, og kåringa av den nasjonale vekstskaparen.

Les heile saka

Gjennom Lauvådalen til Gråknollen/Blåfjellet

Gjennom Lauvådalen til Gråknollen/Blåfjellet

Jon Bruset Torsdag 18. oktober 2012

Det fine haustveret vart i dag nytta til ein tur opp Lauvådalen utover Legan til Blåfjellet/Gråknollen og ned via Kulihammaren og Kvennsetdalen.
Det er bratt opp Lauvådalen, men stien er tørr og fin. Kristian Talgø har gjennom fleire år merka og rydda den gamle høydragarvegen. Han har også bygd oppatt Øvre geitabrua, så det går greit å kome over elva.

Les heile saka

Kveldsmesse med ny liturgi

Kveldsmesse med ny liturgi

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. oktober 2012

Onsdag kveld var det kveldsmesse i Todalenen kyrkje, der soknerådet prøva den nye liturgien som deira forslag med litt modernisering. Det er ikkje så store forandringar i den nye liturgien, men den er modernisert og tilpassa lokale tilhøve. Samtidig fikk vi også helse på den nye vikarpresten, Dag Øivind Østereng. Han skal skal tjene her, medan sokneprest Bernt Venås har permisjon utover hausten.

Les heile saka

Oppstart med barneidrett på Stangvik skule

Oppstart med barneidrett på Stangvik skule

Elinor Bolme Torsdag 18. oktober 2012

Søya IL har tidlegare år arrangert barneidrett for dei ulike aldersklassane ved Stangvik skule. I følge IL Søya sine nettsider har dei i år fått ei ekstra utfordring med hensyn til plassen, då Stangvik oppvekstsenter skal oppussast. Barnehagen ved oppvekstsenteret må derfor blandt anna benytte gymsalen til både oppholdsrom og oppbevaring. Men foreløpig kan gymsalen benyttast og dei vil derfor starte opp der dei første gongane. Og ved nærare beskjed fra barnehagen, blir barneidretten flytta til Myrvang Forsamlingshus.

Les heile saka

NM i randonee

NM i randonee

Elinor Bolme Onsdag 17. oktober 2012

2. helga i januar brakar det laus igjen på Kårvatn. Då er Todalen IL arrangør av Norgesmesterskap/Norges Cup i randonee. I følge Skialpinismens eigne heimesider,vil det laurdag avviklast  NM Individuell, medan det søndag er lagkonkurranse. For ytterlegare informasjon om øvrige renn kan ein gå inn på Skiforbundet si side for komplett terminliste. Randonee er ein konkurranse der deltakarane startar […]

Les heile saka

Lyst til å drive med regnskap?

Lyst til å drive med regnskap?

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. oktober 2012

I så fall har Kombi Regnskap ledig jobb for ein habil regnskapsfører snarest. Kombi Regnskap holder til i Fokusbygget sentralt på Skei, og er du interessert kan du ta kontakt med daglig leder Kari Stensby.  Fullstendig utlysing kan du laste ned som PDF-dokument her, og her finner du hjemmesiden til Kombi Regnskap.