Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Gjennom Lauvådalen til Gråknollen/Blåfjellet

Gjennom Lauvådalen til Gråknollen/Blåfjellet

Jon Bruset Torsdag 18. oktober 2012
Det fine haustveret vart i dag nytta til ein tur opp Lauvådalen utover Legan til Blåfjellet/Gråknollen og ned via Kulihammaren og Kvennsetdalen.
Det er bratt opp Lauvådalen, men stien er tørr og fin. Kristian Talgø har gjennom fleire år merka og rydda den gamle høydragarvegen. Han har også bygd oppatt Øvre geitabrua, så det går greit å kome over elva.
Eit tøft terreng for høydraging dette. Ein husmann frå Husbygrenda skal visstnok ha mørkna ned her ein julaftan, og måtte overnatta og kom ikkje heim før på juldagsmorgonen.
Ta turen og sjå kor forfedrane sleit med høydraging. Og gå utover Blåfjellet/Gråknollen. Luftig og fint !
Bildegalleri fra turen over Gråknollen og Blåfjellet  – med ein liten forsmak på vinteren.   Alle foto: Jon Bruset
Publisert: 18. oktober 2012, 17:48