Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stavgang til P-Øra i Bøfjorden

Stavgang til P-Øra i Bøfjorden

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. oktober 2012

Torsdag den 18. oktober la Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag turen til Buret på P-øra, ein svært fin og intim serveringsstad med heilt spesiell atmosfære, og han ligg tett ved brua som går over til Bølandet i Bøfjorden. Huset var opprinneleg stabburet på heimplassen til Ragnhild Ansnes på Kvennbøen, og har etter det vart flytta til Bøfjorden vorte påbygd kjøkken og toalett.

Anlegget har i tillegg 2 utleigehytter, flytebrygge med fleire båtar til utleige, blir ofte brukt til slutta lag, og serveringsstaden er i sommarsesongen open på fredag og laurdag.  Frå P-øra la vi turen innover på nordsida av Åsskardfjorden så langt kvar enkelt hadde lyst til før vi snudde og gjekk attende til Stabburet. Her fylte dei 37 deltakarane både 1. og 2. etasje i Buret, medan seks stykke fann ut at dei ville sitte ute i sola og forsyne seg med karbonaden sin. Til slutt fekk alle servert kaffe eller te. Eit hyggeleg vertskap, Ragnhild Ansnes og Liv Berit Ansnes Brusethaug, og god mat gav oss ein flott avslutning på turen.

Bilder frå turen finn du i galleriet nadafor:  Alle foto: Vidar Sogge

Publisert: 20. oktober 2012, 08:51