Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ingvar feira nitti!

Ingvar feira nitti!

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. august 2013

I kaffekroken på Halsbua vart det feiring med blautkake i dag. Ingvar Øyen fylte nemleg 90 år den 10. august, og slike dagar med runde tal er det naturleg å feire litt. Ingvar er «still going strong» og kom køyrande på handel i bilen sin til den enkle feiringa i Kaffekroken. Han røpa at han skulle feire litt saman med familien seinar på dagen.  Vi gratulerer Ingvar så mykje med dagen!


Vassbombinga av rasstaden er ferdig

Vassbombinga av rasstaden er ferdig

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. august 2013

Helikopteret som fredag og laurdag har bomba rasområdet for å få ned lausmassar, avslutta i arbeidet ettermiddag arbeidet og dro heim. Dei hadde på langt nær fått ned alt, men det hadde vorte eit alt for omfattande prosjekt. Det ville teke ei veke, eller kanskje meir. Difor avslutta dei no bombinga med vatn, og sendte laurdag folk fra Betong Renovering Drift inn i området for å fortsette ryddearbeidet.

Les heile saka

Ferjekaia blir montert i helga.

Ferjekaia blir montert i helga.

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. august 2013

Ferjekaia som i ettermiddag har vore under slep inn til Todalen er no komen fram, og er no under montering. Den gamle sandkaia skal være fundament for den nye ferjekaia, og det har i går og i dag vore gjort førebuingar til å ta i mot den nye ferjekaia.

Les heile saka

Eit par timar til med bombing

Eit par timar til med bombing

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. august 2013

Da vi snakka med helikoptermannskapet laurdag føremiddag var dei godt nøgt med resultatet av bombinga, og mente at dei skal være kome langt med jobben om eit par timar. Da er det grovaste gjort, og da må resten av jobben med sikringa gjerast manuelt. Mannskap er alt no floge inn for å starte jobben med å rense og sikre rasstaden, slik at ryddinga av vegområdet kan starte.


Tur til Løfta

Tur til Løfta

Elinor Bolme Laurdag 10. august 2013

Førstkommande tirsdag går den årlege Løftaturen i regi av Todalen Sanitetsforening av stabelen. I år er dei tilbake med kun tradisjonell gåtur rundt om Løfta, med utlodning og kveldsmat etterpå i Sanitetshuset. Oppstart ved Sanitetshuset, via Myrmo, opp til trimboka på Løfta og ned om grustaket og hovudvegen til slutt.

Les heile saka

Fleire bilde frå startstaden til raset – oppdatert

Fleire bilde frå startstaden til raset – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. august 2013

Ola Halle (Hjellnes) var den 1. august (dagen etter at raset gikk) på tur innover til området der raset starta, rett nedafor Drivhaugen. Han har sendt oss nokre bilde som godt illustrerer korleis raset starta og at det var på nippet til at det kom enda eit ras. Det hadde stoppa før det kom utom kanten og ned lia. Hovudraset starta på kote 540 m.o.h. og 60-70 m lenger ut enn raset som stoppa. Målt på kart er det 800 – 900 m horisontalt, dvs. 1000 m langt, skriv Ola Halle i ein e-post til Todalen.no.

Les heile saka

Dagstur til Ona – ei perle i havgapet.

Dagstur til Ona – ei perle i havgapet.

Sverre Kjølstad - tekst og bilder Fredag 9. august 2013

Dagen vi skulle ta ferja over til Ona opprant med tykk tåke på Moldefjorden i morgentimene. Imidlertid lettet tåka etter hvert, og da klokka nærmet seg 11 var det lettskyet og sol. Etter en rask telefon til ferja som trafikkerer strekningen fikk vi forsikring om at været på Ona var sol og blank sjø. Da ble det raskt bestemt at vi skulle ta turen. Først ferje fra Hollingsholmen over til Aukra, deretter en rask biltur over til ferjeleiet på Småge. Ferja er også innom øyene Orta, Finnøya og Sandøya før ankomst Ona.

Les heile saka

Helgarute for biltransport med MS Maursund

Helgarute for biltransport med MS Maursund

Jon Olav Ørsal Fredag 9. august 2013

Helgaruta for biltransporten med «Maursund» er klar. det er redusert behov for biltransport på helg, så derfor har Surnadal kommune satt opp helgarute for laurdag og søndag som er slik:
Frå Todalen: kl 08.30 – 10.30 – 15.30 – 17.30
Frå Svinvik: kl 09.30 – 11.30 – 16.30 – 18.30
Frå måndag og fram til bilferja Førdefjord kjem i drift blir det vanleg kvardagsrute igjen!
Kontakt skipper Ken Bjørnar Johansen på Maursund (mobil 478 77 193) dersom det er behov for spesielle turar ut over oppsett rute.

Les heile saka

Spansk Aften på Pakkhuset

Spansk Aften på Pakkhuset

Jon Olav Ørsal Fredag 9. august 2013

På Pakkhuset er det «spansk aften» i kveld. Påmeldingslista på Matkroken er snart fullteikna, og på Pakkhuset har det vore full fart på kjøkkenet i heile dag. Det er Siri Lund og Francesc Peres som er gjestekokkar, og dei kan by på ekte spansk mat i kveld. Vi har laga mat til 100 personar, og reknar med at det blir fullt hus i kveld, seier vertinne Synnøve Helland ved Pakkhuset Kro. Pakkhuset pub opnar kl 19.30.

Les heile saka

Ferjekaia slepes til Todalen – oppdatert

Ferjekaia slepes til Todalen – oppdatert

Jon Olav Ørsal Fredag 9. august 2013

I ei pressemelding frå Statens Vegvesen meldes det at den mobile ferjekaia som skal inn til Todalen blir slept innover fredag kveld eller laurdag. Arbeidet med å forankre ferjekaia vil starte i helga og forsette nokre dagar ut i neste veke. Grunnen til at dette har tatt litt lengre tid enn ein først trudde, er det det må peles for å sikre god nok stabilitet for kaia.

Les heile saka

Todalen bombes! – oppdatert

Todalen bombes! – oppdatert

Jon Olav Ørsal Fredag 9. august 2013

Det er nok ikkje så dramatisk som det høres ut for. Heli kopteret som vi har venta på i fleire dagar er no kome til bygda, og har sett igang med å vassbombe for å renske omm i rasområdet. Dette er trinn 1 i arbeidet med å sikre rasområdet, slik at ein kan kome i gang med oppryddinga i rasområdet. Todalingane må være førebudd på at det kan kome ein strømstans i forbindelse med dette arbeid, dersom linja blir treft av stein. Vi vil halde saka oppdater utover dagen.

Les heile saka

Vannbombing i dag ca kl 11

Vannbombing i dag ca kl 11

Elinor Bolme Fredag 9. august 2013

Statens Vegvesen melder no i ei pressemelding at vannbombinga av rasstaden vil byrje frå kl 11 og utover i dag. Ivar Hol i Vegvesnet antar at Pumahelikoptret frå Airlift som no er på tur frå Førde vil gjere frå seg i løpet av dagen. Betongrenovering startar så med manuell rensking i morgon og utover neste veke, til rasområdet er trygt igjen.