I dag har vi nok eit bidrag frå Todalen Historielag sitt rikhaldige arkiv. Denne gongen eit bilde frå 17.mai ein gong rundt 1930. Skulle nokon ha informasjon om dette, er det berre å sende oss ein epost (red@todalen.no), eller huke tak i ein representant frå redaksjonen om du treffer oss.
Les heile saka
Todalen IL arrangerer også i år «Ræta Opp» på Todalsdagen i Todalen, LØRDAG 28.JUNI. I år vil inntektene gå til Diabetesforbundet barn/foreldre i Sør Trøndelag og Diabetesforbundet i Surnadal, Rindal og Halsa. Så her er det berre å sette av datoen, starte oppkjøringa og delta for ei god sak.
Les heile saka
Ja, det er akkurat vêret vi tenkjer på. Søndag har vi hatt kald vind og regnbyger, men sola har også glytta fram i korte periodar. Måndag er det også bedrøveleg vêrmelding, men etter kvar blir det betre utover veka.
Les heile saka
Som kjent er det tradisjon å arrangere Seterrennet på Nordviksetra hver skjærtorsdag. Vi må helt tilbake til 1928 for å finne starten til dette rennet. Imidlertid har dette vært en dårlig vinter med lite snø, og de siste dagene med mildvær har «tæret» kraftig på snøen som var rundt Nordviksetra. Det er derfor dårlige utsikter for at det tradisjonelle seterrennet kan arrangeres i sin vanlige form hvis vi ikke får et betydelig snøfall med det aller første.
Les heile saka
Som lova etter årsmøtet i Todalen Idrettslag, kjem no ei oppdatert liste over kven som har dei ulike verva i dei ulike gruppene i idrettslaget. Idrettslaget har eit hovedstyre, med 6 undergrupper fordelt etter dei ulike aktivitetene, inkludert drifting av skihytta/vinteranlegg, ungdomshuset og drift og vedlikehold av Bordholmen.
Les heile saka
Bilar og verktøy er typiske «gutteting», og det trekte nok mange til «Guttas kveld» på Byggmakker Surnadal tysdag kveld. Over hundre fann vegen til arrangementet, som gikk føre seg både i butikklokala og på lageret der det var laga scene og eit improvisert amfi for publikum. Frå scena underheldt Odd Arne Halaas frå Eide med gode historier og trekkspelet hadde han også med.
Les heile saka
Tysdag var dei første lamma på plass i Viastua. Kårkall Gudmund Kvendset var rutinert fødselhejelpar, da tre små lam kom til verda og dermed starta lammingssesongen. Litt for tidleg var dei nok, men dei var velskapte og sunne, og i kveld var det kamp om dei to spenane til mora. I Viastua har dei eit 20-tals lamsauer i år, og ventar nok 40-50 lam i løpet av påska og utover våren.
Les heile saka
Det nærmer seg søknadsfristen for høstens inntak hos Kulturskolen på Indre Nordmøre, og i den anledning ønsker tilsette på kulturskulen skoleelevar og barnehagebarn i Halsa, Rindal og Surnadal velkomne som søkarar til eit nytt skoleår. Husk fristen den 15.april! Søknadsskjema og meir informasjon kan du få på Kulturskolen eller gå inn på www.kulturskolen-indre-nordmore.no.
Les heile saka
Påska er også tid for musikkoppleving! I årets stille veke kan nordmøringar nyte strengeklang og arier i Todalen og på Sunndalsøra skjærtorsdag og i Nordlandet og Tingvoll langfredag. Festivalkvartetten spelar med Sigrid Vetleseter Bøe som songsolist. Kvartetten består av fiolinistane Alex Robson og Åshild Breie Nyhus, bratsjisten Anders Rensvik og cellisten Joakim Munkner. KKKK-Festivalen i Kristiansund produserer konsertane.
Les heile saka
Tysdag kveld deltok årets konfirmantar i Fasteaksjonen til Kirkens nødhjelp. Med god hjelp frå foreldre og søknerådet besøkte dei alle heimar med bøssene sine, og resultatet frå aksjonen vart 7700 kroner. Dette er litt mindre enn i fjor, og det har nok si orsak i at det var mange som ikkje var heime.
Les heile saka
Måndag kveld fylte Hans Olav Settem og bandet “Benedikt & Friends We Are” opp Fjøset på Åsen med sin imtimkonsert. Hans Olav hadde fått med seg kompisane Oddbjørn Sponås og Stein Boge frå bandet Batteri, samt 3 venner og skulekamerater i det nye bandet. I ein time fekk vi nyte tekster og musikk som Hans Olav Settem hadde skrive sjølv, saman med eit 50-tals publikum som kom til Fjøset på Åsen.
Les heile saka
Todalsfuruas eigenskapar er heilt unike. Det er seinvaksen furu som tradisjonelt har vore bruka der det settes store kra til styrke og haldbarheit, sa Jon Bojer Godal da han heldt foredrag om Todalsfurua på Todalen historielags temadag søndag ettermiddag.
Les heile saka