Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdag kveld: – klart for skaldyrfest på Pakkhuset

Jon Olav Ørsal Måndag 22. september 2014

På Pakkhuset kro er det duka for skaldyrfest laurdag kveld. Det er Todalen I.L. som inviterer sine medlemar til ein kveld fri for dagnad og andre plikter, og med skaldyr på menyen, fortel leiar Karin Halle. Rundt 50 er alt påmeld, men det er plass til fleire og det er berre å ta kontakt og melde seg på. Festa startar frå kl 19 og ca kl 21 blir det quiz….

Denne kvelden serveres det altså fersk krabbe frå Smøla, flotte reker frå Trøndelagskysten og Synnøvs gratinerte kamskjel.  For de som er kjøttetande er det spekemat med Synnøves heimelaga potetsaltat, ajoli, rømmerelish og mykje anna godt. Knut har laga «dritvanskelig» quiz, men han skal berre sjå at «gamle kven veit duelantar» kan slå til igjen.
Vi gler oss til god mat og senka skuldre i triveleg lag, seier Karin til slutt!

 

Først publisert: 22. september 2014, 18:43 - Sist oppdatert: 28. september 2014, 10:28