Frå i natt er det sommartid igjen! Da stilles klokka ein time fram, fra kl 02 til kl 03. Dermed blir søndagen ein time kortare enn dei andre dagane, men har du behov for å sove meir, kan du enten legge deg ein time tidlegare eller ligge ein time lenger. Ein gylden regel for å stille om til og frå sommartid er at du alltid stiller klokka mot sommaren.
Les heile saka
Fredag morgon auka innbyggjartalet dramatisk i Hallagrenda. Det kom nemleg 7500 nye verpehønder, som flytta inn i hønsehuset i Pestua. I dag tidleg svinga dyretransporten til Arne og Andreas Salte inn på gardsplassen, og da stod lossegjengen klar til å ta i mot og plassere dei nye hønene i nyvaska og desinfiserte bur. Her skal dei bu til dei er 76 veker, og så må dei ut igjen.
Les heile saka
Torsdag kveld vart årsmøtet i Todalen Idrettslag avheldt i Todalen Ungdomshus. Vel 20 menn og ytterst få damer av ein medlemsmasse på omlag 200 hadde teke turen for å oververa møtet, der ordinære årsmøtesaker vart banka igjennom. Både årsmeldingar for dei enkelte gruppene, rekneskap og budsjett vart godkjent etter litt forklaringar både av leiar Karin Halle og kasserar Knut Bergli.
Les heile saka
Torsdag var Surnadal pensjonistlag samla til medlemstreff i kantina på Surnadal sjukeheim. Eit 60-tal av dei 150 medlemane var møtt opp for å delta på «Hurtigrutetur» saman med naturfotografen Nils Olav Talgøy. Nils Olav er nok godt kjent for todalingane, mest for at han budde og arbeidet ei årrekkje i Todalen, men han har også sine aner frå Todalen.
Les heile saka
Onsdag kveld vart songkvelden i Todalen kyrkje bruka til å introdusere og «prøvesynge» den nye salmeboka. Etterpå var det årsmøte i kyrkjelyden, der dei skulle ta stilling til å den nye salmeboka skulle takast i bruk i Todalen kyrkje. For høvet var det lånt inn eit antal salmebøker frå Ranes sokn, og både Todalskoret og […]
Les heile saka
Utpågang er ei ny satsing mellom kommunane Surnadal og Sunndal. Dette er eit magasin som i desse dagar er distribuert til samtlege husstandar i dei to kommunane. Innleiingssvis har ordførarane Mons Otnes og Ståle Refstie ordet, der dei ønsker å gripe muligheitene. Muligheitene som Indre Nordmøre er i besittelse av. Dei ønsker å sammarbeide om rekkrutering, kompetanseutvikling, skape bo- og ikkje minst blilyst slik at heile Nordmøre skal bli ein enda meir atraktiv region å bu i og flytte til.
Les heile saka
Vinteren vart kanskje ikkje slik nokon av oss forventa, men RBL kan skilte med eit snøscootersalg over normalen for det. No slår dei til med sterke rabattar på bekledning for scooterbruk. Her er det tilbud på gode skuter- og vinterklær med 20 – 70 % rabatt.
Les heile saka
For februar kan vi gratulere Kristine Saksen Ulvund som vinnar av månadens bilete med «På tur hjem». Utover våren håpar vi mange tek fram kamera og mobiltelefon, tek eit bilete og sender inn til oss.
Les heile saka
Onsdag tok Sveen Auto i bruk sin nye bilhall og bilverkstad. Det er delvis nybygg og delvis renovering av dei gamle lokala. Både bilhallen og verstaden har fått betre plass og det er bli nye og fine lokaler som er tilpassa de krav og funkjoner som VW har til sine forhandlarar. Da vi stakk innom på lynvisitt onsdag var det full moblisering for å gjera unna siste finpussen før opninga kl 12.
Les heile saka
Vinteren som egentleg aldri kom er heilt på tampen, og ved Kårvatn fjellustyr ryddar dei no plass til vår- og sommarvarene. Derfor har du no sjansen til å gjera eit lite kupp på restane av vintervarer i butikken på låven, med betre tilbud enn nokon gong, fortel Laila Kvendset til Todalen.no.
Les heile saka
Laurdag 29.mars samlast vi til familiedag i Skulstuå, med ope hus frå kl 12.00 til 15.00. Alle er velkomne til ein triveleg prat er over ein kopp kaffe og gode kaker i Skulstuå.
Les heile saka
Odd Arne Halaas fikk god kontakt med publikum da han gjesta Skulstuå i Todalen med sitt «Todalprogram» med song og musikk etter Evert Taube. Eit trettital tilhørarar fylte Skulstuå, og dei fekk jammen valuta for pengane. Halaas kunne by på både kjent og ukjent song og musikk etter Taube, og vi vart etter kvart imponert over den sterke og klare songstemme til artisten og trubaduren.
Les heile saka