Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Barn i løypa

Barn i løypa

Elinor Bolme Tysdag 5. februar 2013

Skigruppa arrangerer førstkommende torsdag barn i løypa. Det er no såpass med snø i lysløypa i Ørsalbukta at det let seg gjennomføre. Så da er det berre å møte opp frå klokka 18 og utover melder leiar i Skigruppa, Jorid Haugen Ansnes.


Gubbetrim med ishockey

Gubbetrim med ishockey

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. februar 2013

Måndag kveld var det full fart på isen på Bordholmen. Topp istilhøve hadde bokstaveleg talt lokka gubbetrimmen ut på glattisen denne kvelden, og i lyset frå lyskastarane vart det utkjempa harde duellar med pucken. Sjølv om det var 7 kuldegrader hadde gjengen ingen problemer med å halde varmen, og det var berre såvidt dei hadde tid til å bli med på ein liten fotosession.

Les heile saka

Løyper til Skihytta

Løyper til Skihytta

Jon Olav Ørsal Måndag 4. februar 2013

No blir det oppkøyrt løype til Skihytta. Arnt Ivar Brøndbo starter tysdag arbeidet med oppkøyring av løypetrasè til Skihytta. I første omgang vil arbeidet bli å køyre på løypetrase og lage ein såle i løypa, men alt til helga vil det blir køyrt på spor. Da blir det spor frå Innerdalsmerket via Talgøsetra til Tristeinan, og vidare utover til Skihytta. Det vil også bli eit spor frå Ungdomshuset og opp Øyalia til Skihytta, og det blir gjort forsøk på å køyre spor frå Tristeinan og oppå Midtryggen.

Les heile saka

På ski for første gong…

På ski for første gong…

Jon Olav Ørsal Måndag 4. februar 2013

Den siste veka har 6 malaysere «prøvd seg» som todalingar. Dei har vore på Talgø Møbelfabrikk på serviceoppdrag, og med iherdig innsats har dei jobba inn ein dag for å få tid til ein skidag, før dei reiser heim att på tirsdag. Tove Talgø Brøndbo, Arnt Ivar Brøndbo og Christian Madaus var måndag instruktørar og aktivitørar for dei 6 malysiarane, og etter eit intensivkurs i teknikk og bruk av utstyr så bar det ut i skiløypa.

Les heile saka


Hanne Heggset vart norgesmeister

Hanne Heggset vart norgesmeister

Elinor Bolme Sundag 3. februar 2013

Hanne Heggset, Surnadal vart norgesmester i parallell-slalåm under dagens renn i Vardåsen i Asker, og la dermed inn enin knallsterk søknad til eit VM uttak. Emil Haugen Ansnes vann kvartfinalerennet sitt, men vart desverre diskvalifsert grunna litt for mykje feilkjøring. Erika Kårvatn Moen hadde eit fall i dagens konkurranse og kom seg dermed ikkje vidare.

Les heile saka

God innsats i NM i telemark

God innsats i NM i telemark

Elinor Bolme Laurdag 2. februar 2013

I helga stiller tre lokale utøvere på NM i telemark i Vardåsen, Asker. Etter dagens renn er stemninga god i Surnadalsleiren, der Emil Haugen Ansnes, Todalen IL kom på 5. plass i sin klasse. Erika Kårvatn som kjøyrer for ØSIL kom på 4. plass i sin klasse og medan Hanne Heggset, Surnadal tok 2. plassen. Dette i følge skiforbundet sine nettsider. Dagens renn var klassisk stil i to omgangar, der det ikkje berre gjeld å ha best tid, men også å ha rett teknikk nedover løypa.

Les heile saka

Så kom regnet…

Så kom regnet…

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. februar 2013

Etter ein lang kuldeperiode, slo det i natt om til mildvær og regn. Og med regnværet vart det nye utfordringar, med tette stikkrenner og vatn på mange plassar det det ikkje skal være vatn. Det er no lurt å ta en runde og kontrollere om vatnet renn dit det skal, og ikkje inn i kjellarar og garasjer. Utover ettermiddagen og kvelden går det igjen over til nø, og til natta blir det atter kuldegrader.

Les heile saka

Filmsuksess!

Filmsuksess!

Elinor Bolme Fredag 1. februar 2013

I går kveld var kvelden då heimesjukepleien tok med sine brukarar på den tidlegare omtala kinokvelden på Surnadal Kulturhus. Og i følge av både Trollheimsporten, Driva og Tidens Krav vart dette å rekna som ein stor suksess. Nokon av dei dei 40 frammøtte var på Kulturhuset for aller første gong. Og som vi kan lesa frå alle reportasjar, var det frammøtte frå Todalen og. Lisbet og Olina Halle kosa seg i lag med resten av gjengen som fek ein uforglømmeleg kveld i lag med damene i heimesjukepleien.

Les heile saka

Frosne rør i Brusetmarka

Frosne rør i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. januar 2013

Det har vore arbeidd for fullt med å få fram vatn til brukarane i Brusetmarka, innafor Bjøråa. Der var det enno i går frosne rør, og Per E. Gjeldnes kjempa seg gjennom telen med vibrator og skuffe for å finne røret. Det var ca 1 meter ned til grunnvatnet.

Les heile saka

Innspurt i avstemninga til årets bilete

Ole Petter Talgø Onsdag 30. januar 2013

Med over tre hundre stemmer har avstemninga på årets bilete blitt vår mest populære avstemning nokon sinne, og no er det berre eit døgn igjen til stemminga avsluttes og vinnaren er klar.

Blant dei tre mest populære bileta er det berre ti stemmer som skiller, og bak dei er det også tett. Det betyr at kvar stemme kan vere med å avgjere. Stem her!


Surnadal kommune: Ny info om vasskrisa

Surnadal kommune: Ny info om vasskrisa

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. januar 2013

Surnadal kommune kom i dag med ny og oppdatert informasjon om vasskrisa som rammar stadig fleire både her i kommunen og mange andre plassar i landet. Surnadal kommune jobbar på spreng for å betre situasjonen, men så lenge berrfrosten held grepet er situasjonen ein omfattande vassmangel. I eit informasjonsskriv som du kan laste ned her, orienterer kommunen om status og tiltak som er sett i verk. Høgst prioritet har eldre og familiar med små born, i tilegg til gardsbruk med dyr.

Les heile saka