Det er god framdrift i øvingane til det improviserte 17.-korpset, fortel initiativtakar Frode Grønmyr, til Todalen.no. På siste øvinga møtte det 10 personar, og det er enno 3-4 som har meldt sin interesse for å bli med. Bra er det også at det er bra spredning på instrimentgruppene, så dette trur eg blir bra, seier Frode. Men det er enno ikkje for seint, dersomn du har lyst til å bli med….
Les heile saka
Fredag inviterer Surnadal og Sunndal kommuner til nettverkstreff på Talgø Utstillingssenter ved Storfossen i Todalen. Dette er et ledd i det såkall SU-SU samarbeidet mellom kommunane, og dei inviterer derfor næringslivet til ein kveld der presentasjon av Talgø, middag, mingling, idemyldring, underhaldning og presentasjon av mulegheiter for næringslivet til å søkje støtte til utvikling. Både ledarar og andre tilsette er velkomne. Har du ikkje alt meldt deg på, så er det enno plass til nøkre etteranmeldte.
Les heile saka
Dugnadsgjengen er godt i gang med arbeidet med å klargjere kyrkja for eit nytt målingsstrøk. Tysdag var to puljer i arbeid med å vaske og spyle vekk lort og sopp frå veggane på baksida av kyrkja. Dette arbeidet vil fortsett torsdag, med ein dugnadsgjeng på dagtid og ein ny gjeng på kveldstid. Dugnadssjef Ragnar Halle […]
Les heile saka
Onsdag kommer barnekoret ”La Maitrise de Conservatoire d’Asnieres sur Seine” til Stangvika. Eit 30-talls barn i alderen 8-14 år, sammen med 8 voksne, kommer med fly til Kvernberget og Stenbergs busser sørger for skyss videre til Stangvika. Der skal de ha litt intensiv øving sammen med lokale kor, før de så trår til med felles konsert i Stangvik kyrkje lørdag kl 15, forteller Rannveig Brøske.
Les heile saka
Hugs førstehjelps- og hjartestartarkurset på Bordholmen i morgon, onsdag kl 19. Ivar Bolme og Arnt Ivar Brøndbo vil ta for seg enkel førstehjelp og vise bruken av hjartestartaren som no blir stasjonert på Bordholmen.
Les heile saka
Start 4H ønsker medlemmar og andre friluftsinteresserte folk, velkomne til overnatting i lavvo ved Oddøyhølen laurdag 10.mai til søndag 11.mai. Her vil det bli ulike aktiviterar som spikking av seljefløyte, boksen går og kajakkpadling litt lengre ned i elva. Om kvelden blir det grilling og sosialt samvær rundt leirbålet. Den enkelte tek med grillmat samt mat til søndagsfrukosten.
Les heile saka
Også i dei yngsteklassane er det seriestart. G 10 Søya /Todalen har i kveld sin debut på Bordholmen kl 18. Dei skal da møte Surnadal G9, og spenninga brukar stort sett vere spent i slike lokaloppgjør.
Les heile saka
Dei siste dagane har det vore aktivitet med riving av den gamle Brusetløå. Med god hjelp frå Arne Gjeldnes med gravemaskin er heile bygget revet og og har hamna på bålet. Løå fikk ein skikkeleg knekk under hauststormane i fjor haust, og det var ikkje lenger botvon i det gamle bygget, fortel Ola Bruset, som […]
Les heile saka
Årets 1. sykkeltrim startet søndag 4. mai. Mens forrige uke kunne varte opp med temperaturer opp mot 20 – tallet, ble det en skikkelig nedtur i inneværende uke med tette snøbyger nesten hver dag. Vi får håpe at dette var de siste krampetrekninger av vinteren, og at vi går varmere tider i møte. Når temperaturen går ned mot 5 – tallet er det heller ingen stor fornøyelse å dra på sykkeltur.
Les heile saka
Det er nok ikkje til å stikke under ein stol at todalingane vil vera sjølvbergande på det meste. Her er både butikk, post i butikk, drivstoff til alle døgnets tider, møbelfabrikk, skule, barnehage, sportsbutikk, overnatting, fotterapi, middagsservering, ja berre for å nemne litt. Det kanskje ikkje alle visste fantes i bygda, er tilbudet om neglepleie.
Les heile saka
Det var avslutningsorda i sokneprest Bernt Venås fine preken til konfirmantane, under konfirmasjonsgudstenesta i Todalen kyrkje søndag 4. mai. Det var nærast fullsett kyrkje, da dei 3 konfirmantane; Ole Stensby, Frikk Hauglann Talgø og Thea Saksen Ulvund vart konfirmert og dermed trer inn i dei vaksnes rekkjer.
Les heile saka
Skulstuas venner held i går ope hus i Skulstuå med servering av saft, kaffe og kaker på ein elles så nitrist vêrdag. Eit absolutt godt tiltak for å få ut folket i bygda. For det er nok i kjennsgjerning, at å dukke opp hos naboen på uventa besøk over ein kaffekopp, nei det gjer vi ikkje lenger… Då er Skulstua sine laurdagstreff ein fin anledning til å treffe både naboar, kollegaer og kanskje stifte nye bekjenntskap.
Les heile saka