Sidan 1995 har Vårsøghelga vore arrangert i Surnadal, og i alle desse åra med kunstnerisk leiar Henning Sommerro i spissen. I omgrepet Vårsøg blir det lagt eit driv etter å sanse og skape, og elles mykje av det positive som kan assosierast med våren som årstid. Som våren kvart år gjev nytt liv frå gamle vekster, ønskjer Laget Vårsøg at Vårsøghelga skal vere både nyskapande og tradisjonsberande.
Les heile saka
Konserten i Stangvik kyrkje tysdag kveld byr på korsong, orgelmusikk og allsong frå vår nye salmebok. Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor og organistane Daniel Bjørlo og Oddveig H. Halle er hovudaktørar, fortel Bernt Bøe til Todalen.no.
Les heile saka
Alt neste veke kan vil Todalshytta så smått opne dørene for publikum. Alt førstkomande onsdag kjem den første busslasten på besøk, og nokre grupper er bestillt. Ein kaffekopp eller anna enkelt servering kan dei også tilby folk som stikkk innom. Full opning og servering frå menyen vil det bli frå pinsehelga, nærare bestemt laurdag 7. juni. Frå 15. juni startar laksefisket i Toåa, og da blir det nok meir trøkk etter kvart, seier Eric Malling som er ein av vertane.
Les heile saka
Den siste tida har det gått føre seg utsetting av smolt og yngel i Toåa. I førre veke vart det sett ut 4100 2årig smolt og 729 1-årig smolt ved Steinutgarden. All fisk som blir sett ut er feittfinnekløft. Nytt av året er at det meste av fiske er ”pittag-merka”. Det er ei elektronsik merking som legg grunnlaget for datainnsamling for å dokumentere sporing.
Les heile saka
A-laget til Søya/Todalen tok i mot Øksendal på Bordholmen i kveld. det skulle vise seg å bli en tøff kamp i duskregnet. S/T prøvde å spille fotball, men ble ovverumplet av Øksendal som var knallharde i alle dueller og spilte høyt over midtbanen mot spissene sine. Halvveis i omgangen scoret bortelaget. I andre omgang styrte […]
Les heile saka
Søndag 25. mai kl. 12.00 er det bokpresentasjon i Svinviks arboret. Da kjem forfattaren Kirsten Winge kjem til Svinviks arboret og presenterer den prisvinnande bestselgaren sin om alle slags bær fra natur og hage.
Les heile saka
Dugnadsgjengen som dei siste ukene har svinga penselen ved Todalen kyrkje, avslutta torsdag kveld arbeidet og kunne «overlevere» nymåla kyrkje til Ingeborg Nordlund som er kyrkjeverge. Ho takka for innsatsen og kvitterte med roser til dugnadsgjengen og til dugnadskomiteen. Soknerådsledar Ildri S. Øyen stillte med ei stor marsipankake med bilde av nymåla kyrkje på.
Les heile saka
Dronning Sonja var imponert over Nordmørsnaturen, og kan godt tenke seg å kome attende ein gong, og kanskje da med fjellsko, fortalte ho på det korte pressemøtet torsdag. I sin tale skrytte ho av mottakinga i Surnadal, og av programmet under det 1,5 timer lange besøket. Dei avslutta besøket med ei mottaking på Kongeskipet, før dei «stakk til sjøs».
Les heile saka
Det var godt og varmt for gravegjengen frå Svorka Aksess i dag. Ola Halle på gravemaskina og Erik Ranes i grøfta jobba med å legge rør til fibernettet i Kvennsetøran boligfelt. De siste par vekene er det lagt rør fra transformatoren innafor Trøa, og gjennom boligfeltet i retning Sissigrenda. Når dei har fått unna jobben vil det etterkvart bli «blåst inn» fiberkabel med trykkluft, før monteringsarbeidet for hver enkelt abbonnent kan starte.
Les heile saka
Torsdag kveld kl 18 blir siste dugnadkveld og avslutning på dugnadsarbeidet med kakefest og «overlevering» av ferdigmåla kyrkje til kyrkjeleg fellesråd. Til siste dugnadsdagen står det berre att litt finpuss og oppryddinging etter dugnadsarbeidet. Kl 19.30 blir det dugnadskaffe med marsipankake frå soknerådet, og da inviteres alle som har delteke på dugnaden heilt sia starten.
Les heile saka
For april kan vi gratulere Gjermund Øysteinsson Moe som vinnar av månadens bilete med «Hustadvika». Vi gratulerer og lovar at premien vil bli overlevert ved første anledning!
Les heile saka
Det står enno att ein del arbeid før TILs lysløypeanlegg på Tjønnmyra kan kan sluttførast. Den meste av den 1620 meter lange lysløypetraseen vart bygd vinteren 2012-2013, og fortsette hausten 2013. No er det klart for montering av rundt 25 pålar for lysarmaturane og finpuss av traseen og området omkring. Tysdag kveld var anleggskomiteen samla […]
Les heile saka