Freiøya Historielag vart stifta i 1980. Det er eit aktivt lag med 130 medlemer. Mellom anna gir dei ut ei årbok kvart år og arrangerer ein hausttur. For to år sidan gjekk turen til Surnadal og Rindal, i fjor var dei på tur til Romsdalen. I år var Todalen turmålet. Leiar Per Kvalvik tok kontakt med leiaren i Todalen Historielag, John Moe, og dei la i samarbeid opp program for besøket i Todalen laurdag 30.august. I alt 53 medlemer deltok på turen, så bussen var heilt full.
Les heile saka
Det ligg fint tilrette for dei som har tenkt seg til å ta del i Trollheimsmarsjen søndag. I fjellet meldes det om bra temperatur og litt sør eller søraustleg vind (2-4 m/sek). Ta med deg klær og mat og godt fotty, og nyt turen over fjellet frå Todalen til Ålvundeid.
Les heile saka
Etter ein fantastisk fin sommar finnes det ikkje lenge noko spor etter snø frå siste vinter. I tillegg til at vinteres var snøfattig, har det nok tina mykje gammesnø og blåis i snøfonnene og dei flekkane som er att av blåis, slik som i Kjerringa. «Porkå» er praktisk talt smelta bort, med berre ein liten flekk med blåis att. Blir det fleire dagar med varme utover neste veke er no den lille flekken med blåis borte.
Les heile saka
Folk bestiller billetter, og bestillingane kjem både frå fjern og nær, fortel Eric Malling på Todalshytta. Dei opnar dørene kl 18, med ertesuppe og vafler på menyen. Konsertstarten blir kl 19.00. Har du ikkje bestillt bilett, så er det lurt å svinge seg rundt og ringe tlf 48099478 (Eric).
Les heile saka
Torsdag var det Vindøldalen som var turmålet for Stavganggruppa. Hytta til Randi og Vidar Sogge var base for ekspedisjonen, og med strålande haustvêr var det eit fint utgangpunkt for å ta ein times rundtur i området, før gruppa samlast på hytta igjen til felles kaffepause og sosial prat.
Les heile saka
Talgø har mykje besøk av forhandlergrupper og kjeder på utstillingssenter ved Storfossen i Todalen. Fredag var det regionmøte i Hageland-kjeden som var samla frå heile Midt-Norge, og dei fleste hadde sitte fleire timar i bilen på tur til Nordmøre og Todalen. Ein av dei som deltok på møtet, var Eivind Gynnild, som kom frå Stiklestad i Verdal. Han ringte og bestillte seg skyss frå flyplassen i Surnadal, og var klar til å dra frå «flystripa» i kornåkeren til naboen på Stiklestad kl 10.45, og kl 11.35, altså 50 minutt seinare kunne han hentast på Fiske Lufthamn på flyplassen til Ivar Fiske i Øvre Surnadal.
Les heile saka
21. september er det Alzheimerdagen, og da trår Surnadal demensforening og helselag til med åpent møte på kantina på Surnadal Sjukeheim. Dit kommer Trude Nausthaug og forteller om hvordan det er å være pårørende til en pappa med Alzheimer. Samtidig inviteres til Kurs for pårørende, venner og bekjente til peroner med demens. Dette kurset arrangeres i samarbeid med Rindal Demensforening og kommunene Surnadal og Rindal, forteller Liv Botten i Surnadal Demens- og helselag.
Les heile saka
Førstkommande laurdag blir det åpen café på Kårvatn Fjellutstyr igjen. Ingvild serverer denne gongen bakels å græt, gulrotkake, kaffe og ingefærte. I tillegg har ho dykka både i Todalen Historielag sitt arkiv og eige skulearkiv og laga til ein historisk natursti frå butikken og opp til Nauståfossen.
Les heile saka
Laurdag den 30. august skal Stangvik Historielag i samarbeid med Årnesgardingane arrangere «kulturvandring» på Årnes, med oppmøte/parkering ved Årnesgardane kl 11.00 (det vil bli anvist plassar for parkering). «Vandringa» startar ved Kjergroneset, ca 1 km vest for gardane. Her er det lite med parkeringsplass, så det vil bli samkjøring utover. Heile turen tek ca 2 timar, men det er muleg å «hopp tå» omtrent halvveges, da kjem ein rett ned til Årnesgardane.
Les heile saka
Magasinet Utpågang blir i desse dagar distribuert til samtlege husstandar i dei to kommunane Surnadal og Sunndal. Innleiingssvis denne gongen har ordførar Ståle Refstie og påtroppande ordførar Lilly Gunn Nyheim ordet, der det gode liv er fokuset. Gjennomgangstemaet denne gongen er bolyst, med artiklar som famnar begge dei to kommunane.
Les heile saka
Førstkomande søndag, 31. august går årets Trollheimsmarsj frå Todalen, over Vardan og til Ålvudeid. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom I.L. Ulvungen og Todalen I.L., og har start på Bordholmen og innkomst på Leikvoll stadion på Ålvundeid. På turen over fjellet legges det opp til konkurranse med natursti, og ved målgang er det trekning av fire gåvekort og mange andre premiar på startkortet.
Les heile saka
Kjempespringfrø er eit ugras som vi gjerne skulle vore kvitt, og det står på svartelista til artsdatabanken. Egentleg er det ei plante som er ført inn til landet som prydplante , men har altså kome på avvegar og fortrengjer lett stedeigne og lokale artar, fortel Gudmund Husby. Den høyrer heime i Himalya, der den veks […]
Les heile saka